Seniorkonsulent (økonomi- og forskingsadministrasjon)
Søknadsfrist: 20.06.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent (økonomi- og forskingsadministrasjon)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig ei fast stilling (100 %) som seniorkonsulent med tilsetjing snarast. Instituttet har omlag 200 tilsette og ein administrasjon på 12 personar.
Administrasjonen legg til rette og gjev støtte til våre vitskaplege kollegaer som driv med undervisning og forsking innan eit breitt spekter av basalmedisinske fagområde. Me forvaltar eit budsjett på over 130 millionar kroner. No treng me ein ny kollega i administrasjonen.
Arbeidsoppgåver:
støtte til forskarar innan økonomi og forskingsadministrasjon
økonomistyring av eksternt- og interntfinansierte forskingsprosjekt
prosjektoppfølging, ansvar for kontraktsoppfølging, budsjettering og økonomirapportering
søknadstøtte og koordinering av forskingsprosjekt
utviklingsoppgåver, her under utvikling og forbetring av prosjektverktøy, økonomiverktøy m.m.
leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål til forskingsgruppeleiarane ved instituttet
rutinemessig innkjøp, rekneskaps- og økonomiarbeid
administrativ/økonomistøtte mot kjernefasilitetane
utforming av analysar og prognosar knytt til prosjekta
høgt kvalifiserte sakshandsaminsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha mastergrad i økonomisk-administrative fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
relevant erfaring frå tilsvarande verksemd er ønskjeleg
god forståing og erfaring frå alle prosessar i administrativ prosjektoppfølging er ein føremon
har du kjennskap til oppfølging av EU-prosjekt er det ønskjeleg
gode ferdigheiter i Excel
må ha evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
Vi søkjer ein person som:
er serviceinnstilt og positiv
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
har interesser for forbetringsarbeid og nye løysingar
bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
spannande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 490 600-545 300. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Administrasjonssjef Janne Gotaas, janne.gotaas@uib.no, telefon 98 03 88 34
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.