Seniorkonsulent (arbeidslivskoordinator) - Det psykologiske fakultet
Søknadsfrist: 22.08.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei nyoppretta fast stilling som seniorkonsulent (arbeidslivskoordinator).
Arbeidsoppgåver:
Koordinere praksisaktiviteten ved fakultetet og utvikle felles retningslinjer for samarbeid og dialog med praksisverksemder.
Følgje opp praksisutplassering av studentar på studieprogram ved fakultetet, då særskilt innan felta spesialpedagogikk, lærarutdanning, logopedi og psykologi.
Relasjonsbygging med helseføretak, kommunar og lokale næringslivsaktørar med tanke på synleggjering av arbeidsrelevansen av våre studietilbod.
Sakshandsaming, utgreiingar og informasjonsoppgåver i samband med praksis og arbeidslivsrelevans, i tillegg til fakultetet sine uteksaminerte kandidatar (alumni).
Stillingsinnhaldet kan verte endra som følgje av det kontinuerlege utviklingsarbeidet i eininga. Fakultet skal flytte store deler av verksemda inn i nye lokale i 2021-2022 og det er sett i gang ein prosess for å sjå på formålstenleg organisering av administrasjonen. Dette kan innebere endringar i arbeidsstad og stilling.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må ha utdanning minimum på masternivå. Lang relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet.
Du bør ha erfaring med prosjektarbeid, koordinering av aktivitetar og arbeidsleiing.
God IT-kompetanse og erfaring med FS er ein fordel.
Du er strukturert, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne.
Erfaring frå studieadministrativt arbeid er ein fordel.
Du er omstillingsdyktig, initiativrik og motivert for å bli vår nye kollega.
Du har gode formidlingsevner munnleg og skriftleg, både på norsk (begge målføre) og engelsk.
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, vil bli vektlagt.
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 52 - 58. Det utgjer for tida ei brutto årslønn på kr 475 800 - 524 900 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.