LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent (100% vikariat) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 12.12.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent 

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent (100 %) med tilsetjing så snart som mogleg, og varigheit til 18. februar 2025. Instituttet er ein del av Alrek helseklynge. Stillinga inneber koordinering av praksis i allmennmedisin for medisinstudentar, i tillegg til generell emneadministrasjon for emne tilknytt medisinstudiet.

Arbeidsoppgåver:

  • Saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing.
  • Koordineringsfunksjonen for praksis i allmennmedisin for medisinstudentar går ut på, saman med fylkeskoordinatorane, å halde god kontakt med legekontor frå Vest-Agder, Rogaland, og Vestland, som har studentar i praksis, i tillegg til å arbeide for å utvide nettverket av praksisplassar.
  • Stillinga inneber også kommunikasjon med studentane og praksisrettleiarane, og koordinering av 2 x 6 veker praksis haust og vår for medisinstudentar i 11. semester.
  • Administrativ koordinering av emne tilknytt medisinstudiet. Dette inneber blant anna timeplanlegging, semesterkoordinering, eksamensarbeid og studentkontakt.Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Det er ein føremon med erfaring frå studie- eller forskingsadministrasjon
  • Bakgrunn frå, eller kjennskap til, helsesektoren vil vera ei føremon
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk og god administrativ IT-kompetanse

Vi søkjer ein person som:

  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • Har engasjement og interesse for studiearbeid
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Er løysingsorientert, initiativrik, serviceinnstilt og har god gjennomføringsevne
  • Har evne og vilje til raskt å setje seg inn i nye saksfelt og vere kvalitetsbevisstVed vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Studiekoordinator Kirsti Nordstrand på mail: kirsti.nordstrand@uib.no eller tlf: 55585449

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS