Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det medisinske fakultet, fakultetsadministrasjonen, er det ledig stilling som seniorkonsulent (100 %) med tilsetjing så snart som mogleg. Stillinga har hovudansvaret for å koordinere og støtte arbeidet med internasjonalisering i studieprogramma ved fakultetet. Til stillinga ligg òg rolla som sakshandsamar og rettleiar for studentar som skal gjennomføre utveksling.
Arbeidsoppgåver:
koordinering av arbeidet med internasjonalisering i utdanningane
støtte til fagmiljø og programutval i spørsmål om internasjonalisering
utvikling og vedlikehald av samarbeidsavtalar
rettleiing og sakshandsaming av søknadar om utveksling
oppfølging av studentar under utvekslingsopphald
rekrutterings- og informasjonsarbeid
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Relevant praksis er eit krav
Det er ein føremon med røynsle frå arbeid med internasjonalisering
Evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk
God digital kompetanse
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
er serviceinnstilt og positiv
har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
kjenner UH-sektoren godt
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 490 600-545 300. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Leiar for studieseksjonen, Ørjan Leren, telefon 55 58 64 85
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.