Konsulent (50 % fast) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Søknadsfrist: 10.03.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Konsulent (50 % fast)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin , er det ledig ei fast stilling som konsulent (50 %) med tilsetjing frå 9. august 2021. Vi har behov for ein person som kan bidra på ein rekke kontor – og administrative oppgåver.
Arbeidsoppgåver:
Besøks- og tilgangskontroll
Post-/pakke-handtering
Oppfølging av rekvisita
Tinging av varer og tenester
Bidra til å holde orden i administrasjonen
Vedlikehald av instituttet sine websider
Utarbeiding og vedlikehald av administrative oversikter
Praktisk tilrettelegging i samband med instituttarrangement, samt eksamen, doktordisputasar og møter
Generelle kontor/sakshandsamingsoppgåver innanfor seksjonen sitt arbeids- og ansvarsområde
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Det krevst normalt 1 – 2 års utdanning utover vidaregåande opplæring, eller fagbrev innan kontor- og administrasjonsfaget.
Gode språkkunnskapar samt god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg er eit krav
Relevant praksis er ønskeleg
Erfaring frå arbeid ved eit institutt vil bli vektlagt
Relevant, grunnleggjande administrativ IT-kompetanse
Kjennskap til administrative system ved UiB vil vere ein føremon
Vi søkjer ein person som
Fleksibel og serviceinnstilt
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Engasjert, positiv og sosial
Sjølvstendig og løysingsorientert
Strukturert, effektiv og med god ordenssans
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som konsulent (kode 1065) i lønssteg 37-48 (for tida kr 373 400 - 437 400). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.