Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om økonomiavdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent (vikariat)
Ved Økonomiavdelinga, Seksjon for innkjøp, er det ledig eit vikariat som førstekonsulent i 100% stilling i 12 månader, med høve til forlenging. Du vil bli ein del av eit team som både handsamer enkeltanskaffingar og rammeavtaler for heile universitetet.
Seksjon for innkjøp har ei viktig rolle for at universitetet skal nå sine mål både kva gjeld fagleg og administrativ aktivitet, samt målsettinga om eit berekraftig universitet. Seksjon for innkjøp har ansvar for alle interne og eksterne forhold som gjeld innkjøp ved universitetet, og har tilsette med økonomisk, juridisk og teknisk bakgrunn med særleg kunnskap om anskaffingar. Seksjonen gir støtte og råd til universitetets fakultet, institutt, avdelingar og dotterselskap. Seksjonen arbeider tett med fagpersonar og andre bidragsytarar for å finne dei beste løysingane. Se vår anskaffingsstrategi for meir informasjon.
UiB kjøpar for ca. 1,7 milliardar pr. år, og seksjon for innkjøp består av 20 årsverk. Seksjonen er delt i to grupper; kontraktgruppa og bestilling til betaling (BtB) gruppa. Vikariatet er i kontraktgruppa. Vi bruker digitale verktøy og malar, og arbeider kontinuerlig med forbetring av desse.
Vi søker ein allsidig, kompetent og fleksibel medarbeidar som er interessert i innkjøp og anskaffingar. Nyutdanna kan gjerne søkje.
Arbeidsoppgåver:
Utarbeide leverandøranalyser og marknadsundersøkingar
Gi støtte og råd ved større enkeltkjøp:
utforme invitasjonar og konkurransegrunnlag
evaluere tilbod og tildele kontraktar
forhandle kontraktar
administrere og følgje opp inngåtte kontraktar
Kontroll og tilsyn av rammeavtaler
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du har høgare utdanning på minst masternivå, med økonomiske, juridiske eller tekniske fag i fagkretsen. Du som er i ferd med å fullføre graden (innan sommaren), er også velkomen til å søke
Tilsvarande kvalifikasjonar kan i spesielle tilfelle oppnåast gjennom lang og allsidig praksis i sakshandsaming saman med relevant etter- og vidareutdanning
Det er ein fordel om du kan vise til:
Interesse for å arbeide innan fagfeltet
Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og effektivt
Evne til analyse og refleksjon
Evne til å ta initiativ og samarbeide
Gode evner til skriftleg og munnleg formulering på norsk og på engelsk
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Den som blir tilsett må vere villig til å tileigne seg nødvendig kompetanse.
Vi tilbyr:
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i et godt arbeidsmiljø
Opplegg for opplæring og mottaking av nytilsette
Tilsetting som førstekonsulent (kode 1408) med løn frå kr. 530 000 – 600 000 brutto pr. år etter kvalifikasjoner og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
Fleksibel arbeidstid
Opning for trening i arbeidstida
Opning for heimekontor etter avtale
Medlemsskap i Statens Pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.