Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig eit vikariat som førstekonsulent i studieadministrasjonen (100 %) med tilsetjing så snart som mogeleg med varigheit til mai 2022.
Studieadministrasjonen er felles for Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2 og den som vert tilsett vert del av eit team på 9 personar som høyrer til studieadministrasjonen.
Stillinga rapporterer til Klinisk Institutt 2 som er eit av de største institutta ved Universitetet i Bergen, både med tanke på antall tilsette og budsjettomfang. Instituttet består av 350 tilsette og ein administrasjon på 20 personar. Vi forvaltar eit budsjett på over 200 millionar kroner.
Arbeidsoppgåver:
Leggje til rette for god undervisning for medisin-, ernæring- og farmasistudentar.
Studieadministrasjon av kliniske emne, timeplanlegging, eksamens- og evalueringsarbeid
Samarbeid med forelesarar, studenttillitsvalde og studentkull, og med Haukeland Universitetssjukehus i høve til undervisning som vert gjeven der.
Samarbeid med fakultetet sin studieadministrasjon og dei andre institutta ved fakultetet
Øvrige saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Krav er bachelorgrad, eller tilsvarande utdanning tilpassa oppgåvene i stillinga. Tilsvarande kvalifikasjonar kan ein oppnå gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning.
Kjennskap til og røynsle frå universitetssystemet og offentleg forvalting samt god
administrativ IT-kompetanse.
Interesse for og røynsle frå relevant studieadministrativt arbeid, samt røynsle med dei fellessystema som UiB nyttar til studieadministrasjon (FS, Mi side, ePhorte, Syllabus og andre) blir lagt vekt på.
Må kunne norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
Vi søkjer ein person som
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
sjølvstendig, effektiv, strukturert, nøyaktig og pliktoppfyllande
serviceinnstilt, like å arbeide med studentar og kunne samarbeide med det vitskaplege personalet i eit spanande og allsidig medisinsk forskingsmiljø, og eit hektisk og travelt universitetsmiljø
evne til å halde oversikta over ei stor mengde informasjon og samstundes ivareta detaljane
gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
evne til problemløysing og initiativ til nye måtar å løyse arbeidsoppgåvene på, både for deg sjølv og for studieadministrasjonen
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som førstekonsulent (kode 1408) i lønssteg 47-53 (for tida kr 439 900 - 483 700). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.