Førstekonsulent ved Institutt for informasjons- og medievitskap - vikariat
Søknadsfrist: 01.08.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent ved Institutt for informasjons- og medievitskap - vikariat
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til eit 50 % vikariat som førstekonsulent ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Stillinga er knytt til administrativt arbeid med arbeidsoppgåver knytt til Media City Bergen (MCB). Den som blir tilsett vil vere ein viktig støttespelar for administrasjonen ved MCB og det er ønskeleg med snarleg tiltreding.
Stillinga inngår i administrasjonen ved instituttet, som har om lag 13 årsverk, og tenester som består av studieadministrasjon, forskings- og økonomistøtte samt teknisk stab. Administrasjonssjef har personalansvar for dei tilsette i administrasjonen
Arbeidsoppgåver:
Rombestilling og tilrettelegging ved kurs, seminar og representasjon
Reisebestilling og tilrettelegging for kurshaldarar, forskarar og gjesteforelesarar
Vedlikehald av nettsider og arrangementskalender for instituttets aktivitet i MCB
Administrasjon av adgangskontroll for studentar og eksterne gjester
Administrative oppgåver knytt til instituttets utdanningstilbod i MCB, herunder rekrutteringsarbeid og bistand med planlegging og gjennomføring av eksamen
Anna administrativt arbeid ved instituttet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Bachelorgrad. Det er ein føremon med medievitskap i fagkretsen
Relevant praksis
God administrativ IT-kompetanse
God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Vi søkjer ein medarbeidar som:
Er imøtekommande, fleksibel og serviceinnstilt
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Arbeider systematisk og er løysingsorientert
Vi tilbyr:
Kompetanseutvikling i eit spennande fagleg og sosialt miljø
Ei allsidig stilling med særleg vekt på servicetenester
Løn som førstekonsulent i kode 1408/LR21 i det statlege regulativ, ltr.41-53, avhengig av kompetanse og tenesteansiennitet. Dette utgjer for tida kr. 381 000 – 459 100. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal merkast 20/6463
Søknadsfrist: 1. august 2020
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.