Stilling:

Førstekonsulent ved Institutt for informasjons- og medievitenskap

Søknadsfrist: 24.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskaplige fakultet består av syv institutt og tre sentre. Les mer om fakultet og tilhørende institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent ved Institutt for informasjons- og medievitenskap

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til vikariat som førstekonsulent ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Institutt for informasjons- og medievitskap er eit tverrfagleg, forskingsintensivt fagmiljø med forskingsgrupper og studietilbod innan media og kommunikasjon, informasjonsvitskap, journalistikk, interaksjonsdesign samt TV-produksjon.

Instituttet har for tida 35 vitskaplege stillingar og 25 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Om lag 1200 studentar er knytt til instituttets bachelor- og masterprogram. Administrasjonen ved instituttet har om lag 14 årsverk og vert leia av administrasjonssjef. For meir informasjon om instituttet.

Stillinga er ledd i instituttets arbeid med auka studiekvalitet gjennom å styrke studentnær undervisning og oppfølging på bachelornivå. Den som vært tilsett vil i hovudsak arbeide med administrasjon og fagleg utvikling av det seminarbaserte undervisningstilbodet i informasjonsvitskap.

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinering, rekruttering og mentorering av seminarleiarar i informasjonsvitskap, i samarbeid med studiekonsulent og programråd
  • Oppstart, oppfølging og administrasjon av seminarundervisninga ved bacheloremne
  • Fagleg utviklingsarbeid knytt til seminartilbodet i samarbeid med programråd og faglærarar
  • Timeplanlegging i samarbeid med eksamenskonsulent og emneansvarlege

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Bachelorgrad, master er eit føremon
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Ha tatt nokre informasjonsvitskaplege emne er eit føremon
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • God administrativ IT-kompetanse

Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn som førstekonsulent etter kode 1408/LR21 etter hovudtariffavtalene i staten, ltr.51-55 avhengig av tenesteansiennitet. For tida utgjer det mellom 468 300 og 499 500 pr. år. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å kontakte:

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS