Førstekonsulent (studieadministrasjon) - vikariat - Institutt for fysikk og teknologi
Søknadsfrist: 15.08.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent (studieadministrasjon) - vikariat
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig eit vikariat i studieadministrasjonen for 1 år frå midten av oktober, med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga vil innehalde varierte oppgåver innan studieadministrasjon. Den som vert tilsett, vil har hovudansvar for studieprogrammet i petroleum- og prosessteknologi og for instituttet sin del i studieprogramma i energi. Studiekonsulenten vil også avlaste i andre deler av studieadministrasjon.
Døme på dette kan vere:
Eksamensadministrasjon på alle nivå
Innpassing av ekstern utdanning
Internasjonalt opptak
Generell sakshandsaming innan studieadministrative saksfelt
Studierettleiing
Informasjonsarbeid
Andre administrative oppgåver kan også bli aktuelt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Høgare utdanning på masternivå er eit krav. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Det blir lagt vekt på erfaring frå studieadministrativt arbeid.
Relevant administrativ IT-kompetanse er ein fordel, særleg erfaring med systema FS og ePhorte.
Bør ha kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller anna høgare utdanning/forvaltning
Realfagleg bakgrunn kan vere ein fordel
Vi søkjer ein kollega som
er serviceinnstilt og positiv
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
er initiativrik, sjølvstendig løysnings- og resultatorientert
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
bidrar til eit godt arbeidsmiljø
har god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn etter 51-55 (førstekonsulent i kode 1408, LR21) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Utfyllande opplysningar om denne stillinga, kan ein få ved å vende seg til:
nstituttet ved administrasjonssjef Grete K. Ersland, tlf. 55 58 27 59, e-post: grete.ersland@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.