LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGENStilling:
Førstekonsulent / økonom - Klinisk Institutt 2
Søknadsfrist: 27.06.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig fast stilling som førstekonsulent (prosjektøkonom) (100 %) med tilsetjing så snart som mogleg.
Klinisk Institutt 2 er eit av de største institutta ved Universitetet i Bergen, både med tanke på tal tilsette og budsjettomfang. Vi forvaltar eit budsjett på over 200 millionar kroner. Instituttet har 350 tilsette og ein administrasjon på om lag 20 personar, der økonomiseksjonen ved instituttet har 7 tilsette. Det er administrasjonens oppgåve å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda. No treng vi ein ny kollega i økonomiseksjonen i administrasjonen.
Arbeidsoppgåver:
Støtte og oppfølging knytt til eksterne prosjekter i ulike fasar; Søknads, - kontrakts-, drifts - og avslutningsfase
Økonomioppfølging; budsjettering, avviksanalysar og økonomirapportering
Saman med leiar bidra til kvalitetsutvikling innanfor økonomiområdet
Støtte og bistand i økonomispørsmål til forskingsgruppeleiarane ved instituttet
Rutinemessig regnskaps- og økonomiarbeid som handtering av bestillingar, fakturabehandling og kontroll og føring av reiserekningar
Superbruker og brukerstøtte knyttet til bestillings- og fakturasystem (UBW)
Opprette og følge opp arbeidsavtaler for honorar mm
Bistå institutt med diverse økonomioversikter
Bidra i andre driftsoppgaver økonomiseksjonen har ansvar for
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Relevant erfaring
God forståing og erfaring frå alle prosessar i prosjektøkonomi
Gode ferdigheiter i Excel
Evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
Nyutdannede kan også bli vurdert for stillingen
Vi søkjer ein person som
er serviceinnstilt og positiv
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
er sjølvstende og evner problemløysing
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
har interesser for forbetringsarbeid og nye løysingar
bidrar til vårt gode arbeidsmiljø
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som førstekonsulent (kode 1408) i lønssteg 47-53 (for tida kr 439 900 - 483 700).For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:
Administrasjonssjef Maria Holmaas, e-post: Maria.Holmaas@uib.no, telefon 55 58 54 09 eller
Økonomikoordinator Linn Iversen, e-post: linn.iversen@uib.no, telefon 55 58 53 33
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.