LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Fagkonsulentar (undervisningsassistenter) - Institutt for sosialantropologi

Søknadsfrist: 01.06.2023

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Fagkonsulenter (undervisningsassistenter)

Ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen, er det ledig inntil tre stillingar som fagkonsulentar (undervisningsassistentar). Dette vil avhenge av søkjarane si kompetanse knytt opp mot instituttets behov. Stillingane vil vera 80 % stillingar i 2 år med oppstart i august 2023.

Arbeidsoppgåver:

Det er behov for undervisningsassistentar i følgjande emne:Hausten 2023: SANT100, SANT150, SANT104 og SANT105Våren 2024: SANT102, SANT103, og SANT215

Utover desse kan det vere behov for undervisingsassistanse i valemne i sosialantropologi og/eller vidareutdanning i sosialantropologi.

Undervisningsassistentane skal leie 3-6 arbeidsgrupper.

  • Kommentere obligatoriske oppgåver
  • Ha ei mentorrolle for bachelorstudentar i sosialantropologi, spesielt dei heilt ferske studentane
  • Samarbeid med emneansvarlege, administrasjon og andre involverte i undervising
  • Gjere førefallande arbeid for instituttet i periodar det er færre oppgåver knytt til emne ein er undervisningsassistent i

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i sosialantropologi. Studentar som leverer masteroppgåva i vårsemesteret kan også søkje. Mastergraden må vere oppnådd før kandidaten kan starte i stillinga.
  • God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftlig
  • God administrativ IT-kompetanse
  • Relevant arbeidserfaring vil være ein fordel. For undervisningsassistentar som ikkje har pedagogisk opplæring, vil det bli arrangert kurs i seminarpedagogikk i byrjinga av semesteret
  • Evne til å arbeide systematisk, resultatorientert og sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel og arbeidsvillig
  • Like å jobbe med menneske og vise engasjement for faget
  • Gode pedagogiske evner er ein fordel

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Årsløn vil vera NOK 478 300,- (kode 0389) tilsvarande lønssteg 51 i det statlege lønsregulativet. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

  • Sigrid Marie Tellez, e-post Sigrid.Tellez@uib.no eller tlf. 55 58 38 01

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgivar ved HR-seksjonen; Bodil Hægland på e-post bodil.hagland@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS