Dokumentasjonsforvaltar - Faggruppa for dokumentasjons- og systemforvaltning
Søknadsfrist: 13.12.2023
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
I faggruppa for dokumentasjons- og systemforvaltning i HR-avdelinga er det ledig ei stilling som seniorkonsulent.
Dokumentasjonsforvaltingstenesta ved Universitetet i Bergen er på veg inn i ei ny tid der vi skal periodisera (avslutte) ein omfattande arkivperiode i sak-/arkivsystemet ephorte, og innføre nytt felles system for Universitets- og høgskulesektoren, UH sak (ServiceNow og Documaster). Vi søkjer ein framtidsretta dokumentasjonsforvaltar som kan bidra til å sikra god dokumentfangst og kvalitet i det gamle sak-/arkivsystemet, og som har røynsla og dei eigenskapane vi ser etter til å bidra til å bygga framtidas dokumentasjonsforvalting ved UiB.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte
Kvalitetskontroll og ordning av digitalt arkiv
Oppfølging og rettleiing av saksbehandlarar og leiarar
Prosesskartlegging og kartlegging av brukarane sine behov, for å sikra best mogleg kvalitet i arkivet i samband med utvikling av nye prosessbaserte tenester
Ta del i opplæring av tilsette, og skriving av rutinar og kunnskapsartiklar tilknytt prosessbaserte tenester i nytt sak-/arkivsystem
Driftsoppgåver som journalføring, kontroll av journal, avslutting av saker, skanning av post, og import av post/e-post. Det vil bli mindre manuell kvalitetssikring i det nye systemet
Gjennomgang og ordning av arkivmateriale i depot kan òg bli ei arbeidsoppgåve.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Praktisk røynsle frå områda elektronisk dokumentasjonsforvalting/elektronisk arkiv. Det er ei føremon om du og har teke del i periodisering og avslutting av arkiv
God generell IT-kunnskap og kjennskap til administrative datasystem
Røynsle frå andre offentlege organ er ein fordel
Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Sjølvstendig, strukturert og effektiv
Serviceinnstilt, fleksibel, kvalitets- og resultatbevisst
Gode samarbeidsevner
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn kr 548 600 – 604 900 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifisert søkjarar kan høgare løn vurderast
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stilling
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.