Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremmar open vitskap. Les meir om Universitetsbiblioteket her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga:
Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei fast 100 % stilling som digitalarkivar (seniorkonsulent 1363). Stillinga er for tida knytt til Skeivt arkiv ved Seksjon for spesialsamlingar, og den tilsette vil særleg arbeide med innsamling, ordning og formidling av digitale og digitalt skapte arkiv, og utvikling av Skeivt arkivs digitale formidlingsløysingar.
Skeivt arkiv er ein av dei fire einingane ved Seksjon for spesialsamlingar ved UB. Seksjonen forvaltar og formidlar kulturhistorisk viktige samlingar som fotografi, antikvariske bøker, manuskript, kart, aviser og faghistoriske arkiv. Ei av samlingane står på UNESCOs Memory of the World liste, fleire andre er del av Norges dokumentarv.
Skeivt arkiv er det nasjonale kunnskapssenteret for historia om kjønns- og seksualitetsmangfald, og har som formål å samle inn, dokumentere, bevare og formidle Noregs skeive historie i vid forstand.
Arbeidsoppgåver:
Legge til rette for mottak, registrering og bruk av digitalt skapte arkiv
Bidra til å utvikle og forbetre digitale formidlingsløysingar for arkivet, inkl. for digitalt skapte arkiv
Digitalisering, registrering, tilrettelegging og publisering av fysisk arkivmateriale
Rettleie organisasjonar i bevaring og avlevering av digitalt skapte arkiv
Være bindeledd mellom Universitetsbibliotekets digitale utviklingsteam og Skeivt arkiv
Bidra til arbeid med livsminnesamlinga: Etterarbeid, transkribering, tilgjengeleggjering, langtidslagring; bidra til overgang frå prosjekt til permanent samling
Utvikling av prosjekter med eksterne samarbeidspartnarar
Formidling
Mottak og arbeid med fysiske arkiv som skal digitaliserast
Anna forefallande arbeid ved seksjonen
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Må ha:
Utdanning på masternivå innan relevant fag som f.eks. digital kultur, digital humaniora, bibliotek- eller arkivfag, IKT, historie eller mediefag
Erfaring frå arbeid med nettsider/digitale system, enten på prosjekt- eller utviklarnivå
Kjennskap til arkiv og databasar, særleg digitalt skapte arkiver
Bør ha:
Interesse for eller kunnskap om feltet (kjønn og seksualitet som kulturelle kategoriar)
Bør ha noko programmeringsserfaring
Erfaring frå prosjektarbeid er ønskeleg
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg kompetent arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
Løn som seniorkonsulent etter lønssteg 56 - 60 (kode1363) i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 496 100 –532 300. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.