Ledig stilling på Universitetet i Stavanger

Studiekoordinator - Det teknisk-naturvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 01.11.2020

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12.000 studentar og 1.800 tilsette. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet har store målsetjingar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og være ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessane i samfunnet. Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Fakultetet har eit nært samarbeid om forsking med NORCE og industrien i regionen. Ei rekkje master- og doktorgradsoppgåver blir laga i samarbeid med industrien. Fakultetet har etablert forskingssamarbeid med universitet i USA og Europa, og har utvikla fagmiljø som er internasjonalt leiande. Dette gjeld blant anna petroleums- og offshoreteknologi samt risikostyring og samfunnstryggleik, som er to av universitetet sine strategiske satsingsområde.


Fakultetet har om lag 2.800 studentar og 400 tilsette fordelte på Institutt for data- og elektroteknikk, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi, Institutt for matematikk og fysikk, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi, Institutt for energi- og petroleumsteknologi, Institutt for energiressursar og Institutt for risikostyring, samfunnssikkerheit, industriell økonomi og planlegging.


Fakultetsadministrasjonen er organisert i to underliggende enheter, Enhet for forskningsadministrative tjenester (FAT) OG Enhet for utdanningsadministrative tjenester (UAT).

Om stillinga

Universitetet i Stavanger søker etter tre studiekoordinatorar til fakultetsadministrasjonen ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, Fakultetsadministrasjonen, Eining for studieadministrative tenester.

Som studiekoordinator vil du få ein variert, interessant og travel kvardag der du arbeider tett på studentar som tar utdanning innanfor teknisk- naturvitskaplege fag. Ein av stillingane er spesielt knytt opp mot bachelorprogrammet i Toll, vareførsel- og grensekontroll (oppstart hausten 2021). Ansvarsområde er studiekoordinering/-gjennomføring.

Hovudoppgåver

  • saksbehandle innanfor studiekoordinering og -gjennomføring
  • følgje opp studentane ved fakultetet, mellom anna bidra med informasjon til studentane om undervisning og studiekvardag
  • samarbeide tett med studieprogramleiar og vitskapleg tilsette på institutt om oppgåver knytt til gjennomføring av studiet, kvalitetssikring/-utvikling
  • ilegga til rette for internasjonalisering og utveksling i studietilboda og følgje opp utvekslingsstudentar
  • greia ut og førebu saker innanfor ansvarsområde
  • følgje opp kvalitetssystemet innanfor fagområdet

For stillinga knytt opp mot bachelorprogrammet i Toll, vareførsel- og grensekontroll skal den som blir tilsett samarbeide tett med Tolletaten og utarbeida praksisavtalar.

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • relevant utdanning, fortrinnsvis på nivå tilsvarande ein mastergrad. Utdanning innanfor realfag/teknisk- naturvitskapleg fagområde er ynskjeleg. Særskilt relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
  • relevant erfaring, helst frå offentleg administrasjon
  • erfaring med bruk av relevante IT-verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vidare blir det vektlags at den som vert tilsett:

  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekomande
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor, spennande og samfunnsviktig organisasjon
  • et ambisiøst arbeidsfellesskap og et inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ 90.103, kode 1408, kr 420 700 - 480 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert.
  • gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
  • meir om godar for tilsette og fordelar på uis.no

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Kontorsjef Marit Håvardsholm, tlf 51831735, epost marit.haavardsholm@uis.no

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Rosa Andrade, tlf 51831191, e-post: rekruttering@uis.no

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via " Søk stillinga " på denne sida. Her blir søknad og CV med relevant utdanning og arbeidserfaring registrert. Du blir beden spesifisera om du søker på stillinga knytt til bachelorprogrammet i Toll, vareførsel- og grensekontroll.

Relevante vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting. Kun vedlegg på engelsk eller eit anna språk vil bli vurdert. Opplysningar og dokumentasjon som det skal tas omsyn til ved vurdering må vera registrert i JobbNorge innan søknadsfristen.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkar kan bli offentleggjort sjølv om søkar har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg registrerte i JobbNorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS