LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Studiekonsulent (vikariat) - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 06.10.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 12 000 studentar og 1900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Me skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalta naturressursane på og ved å leggja til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd og læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnader regionalt, nasjonalt og internasjonalt har me eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum.


Me er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300 000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyd ei rekkje spennande kultur- og fritidsaktivitetar.Saman med dei tilsette og studentane våre vil me løfta blikket og våga å tenkja stort og nytt — me vil utfordra det velkjende og utforska det ukjende.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet har om lag 2.400 studentar og 170 tilsette. Fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor- master- og doktorgradsnivå Studiane byggjer på ein kombinasjon av teoretisk og praktisk kunnskap, på tverrfaglighet og samarbeid med offentleg og privat verksemd. Ny kunnskap vert generert ut frå både praktisk røynsle og systematisk forsking, eller i kombinasjonen av desse to. Utdanningstilbodet er variert og omfattar blant anna hotell- og reiseliv, mediefag, samfunnsfag, sosiologi, sosialt arbeid og barnevern. Fakultetet består av Institutt for medie- og samfunnsfag, Institutt for sosialfag og Norsk hotellhøgskule.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig vikariat som studiekonsulent ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, fakultetsadministrasjonen dedikert til Institutt for medie- og samfunnsfag. Vikariatet er ledig frå 15.12.2021 til og med 28.2.2023.

Som studiekonsulent vil du få ein variert, interessant og travel kvardag der du jobbar tett på studentane. Ansvarsområde er studieadministrative og studierelaterte oppgåver som studiekoordinering, studierettleiing og internasjonalisering.

Hovudoppgåver

  • hjelpe til ved studiegjennomføring og kvalitetssikring/-utvikling, saksbehandle studentsakar og vareta eksamensarbeid
  • studierettleiing og informasjon til studentane om undervising og studiekvardag
  • registrere og vedlikehalde studieplanar og emne i ulike dokument/kanalar
  • bidra til å kvalitetssikre informasjon om studieprogram på vitnemålet
  • saksbehandle og følgja opp individuelle utdanningsplanar og innpasningssakar, og dessutan for studentar med særskilde behov
  • halde oversyn over utvekslingsprogram og -avtaler for studentar og tilsette ved eininga
  • leggja til rette for internasjonalisering og utveksling i studietilboda og følgje opp utvekslingsstudentar, i samarbeid med utdanningsavdelinga
  • vere administrativ koordinator for internasjonaliseringsprosjekt på instituttet
  • leggja til rette for, og støtte opp under vidareutvikling av instituttet sin strategi for internasjonalisering
  • følgje opp klager til klagenemnda til universitetet

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant utdanning på minimum bachelornivå. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • relevant erfaring
  • erfaring med bruk av relevante IT-verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1408, kr 460.000 - 520.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan innplassering som rådgjevar og høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om tilsettgode og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Verdiane åt universitetet er å vera uavhengig, involverande og skapande. Me vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt og er opptekne av å visa respekt for at folk er ulike og har ulik bakgrunn. Universell utforming ligg til grunn for det fysiske og digitale læringsmiljøet vårt, og arbeidsplassen kjem om naudsynt til å verta lagd til rettes for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Me oppmodar alle om å søkja, ubunde av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om ein i ein periode har vore utanfor arbeidslivet.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgivar Annette Falch Lothe tlf: 51831361, e-post: [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her må du registrera minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkkunnskapar. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Me gjer merksam på at opplysningar om ein søkjar kan verta offentleggjorde jamvel om søkjaren har bede om ikkje å verta oppførd på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ei slik oppmoding ikkje vert teken til fylgje, kjem søkjaren til å verta varsla om det.

UiS vurderer berre søknader og vedlegg som er registrerte i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS