Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Førstekonsulent - RITMO Senter for tverrfagleg forsking på rytme, tid og rørsle

Søknadsfrist: 13.02.2020

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for musikkvitskap underviser musikkvitskap på alle nivå og tek del i forsking innan ei rekkje felt, med eit særleg fokus på musikkhistorie og estetikk, populærmusikk og kulturanalyse, og musikkognisjon og -teknologi. Instituttet har om lag 50 tilsette, medrekna stipendiatar og postdoktorar, og tek opp til saman 90 bachelor- og masterstudentar kvar haust.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Det er ledig ei fast stilling som førstekonsulent (SKO1408) ved Institutt for musikkvitskap med arbeidsplass på RITMO Senter for tverrfagleg forsking på rytme, tid og rørsle.

RITMO er eit Senter for framifrå forsking finansiert av Noregs forskingsråd. Institutt for musikkvitskap er ansvarleg for RITMO, i nært samarbeid med Psykologisk institutt og Institutt for informatikk. For meir informasjon om RITMO, sjå www.uio.no/ritmo

RITMO er eit forskingssenter med høge ambisjonar, mange internasjonale gjestar og tilsette, og mykje aktivitet. Nå søkjer vi ein drivande dyktig, positiv og serviceinnstilt administrator med stor kapasitet.

Arbeidsoppgåver

Stillinga byr på varierte oppgåver innanfor

  • Førstelinje og driftsoppgåver som handtering av post, rekvisitalager, nøklar og nøkkelkort
  • Praktisk organisering av arrangement ved senteret
  • Mottak og praktisk oppfølging av nye tilsette og gjesteforskarar, av desse mange med internasjonal bakgrunn
  • Kommunikasjon og nettsider i forbindelse med faglige arrangement, inkludert sosiale medier
  • Diverse sekretær-/støttefunksjonar på senteret

Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga.

Den som tilsettast vil vere første kontaktpunkt for gjestar og tilsette ved senteret, og må difor ha ei utprega serviceinnstilling. Senteret si verksemd er regulert av rutinar og regelverk på dei tre fakulteta og institutta som eig RITMO. Arbeidsoppgåvene er difor varierte og krev god forståing av organisasjonen.

Senteret har ein liten administrasjon som skal dekkje eit mangfald av arbeidsoppgåver innan forsking og generell drift. Det krevjast derfor fleksibilitet og stå-på-vilje av dei administrativt tilsette på senteret.

Førstekonsulenten er ein del av den administrative staben på Institutt for musikkvitskap og har administrativ leiar ved instituttet som sin næraste overordna, medan den administrative leiaren på RITMO leiar arbeidet.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule som minimum svarer til bachelornivå, relevant realkompetanse kan kompensere for kravet om utdanning
  • Framifrå kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg, på norsk og engelsk
  • Gode IT-kunnskapar og gjerne erfaring med elektroniske administrative system og nettpublisering
  • Det er ein føremon med erfaring frå tilsvarande arbeid frå universitets- og høgskulesektoren
  • Personlig eigna for stillinga

Personlege eigenskapar

Vi ser etter søkjarar som

  • evner å prioritere, og arbeide målretta og strukturert
  • er serviceinnstilte og ansvarsmedvitne
  • likar å jobbe med menneske og har gode samarbeidsevner
  • trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
  • evner å handtere mange oppgåver samstundes
  • er nøyaktig og kan levere sjølv med knappe tidsfristar

Vi tilbyr

  • lønn frå kroner 449 300-513 600, avhengig av ansiennitet og kompetanse
  • eit hyggelig og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i en IA-verksemd, gode velferdsordningar og trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Vitnemål

Søknad med vedlegg må sendes inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem Jobbnorge, klikk “Søk stillingen”.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Etter Offentlighetslovas § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har en overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har et personalpolitisk mål om å oppnå en balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Tiltredelse etter avtale.

Kontaktinformasjon

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS