Førstekonsulent / rådgiver - Avdeling for person- og sosialstatistikk
Søknadsfrist: 13.08.2020
Publisert
Statistisk sentralbyrå
Statistisk sentralbyrå − tal som fortel
Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har rundt 850 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.
SSB publiserer dagleg statistikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, òg internasjonalt.
Vi er ei kompetansebedrift med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernisere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon
Vil du jobbe med statistikk og analyse av arbeidsmarknaden?
I seksjon for arbeidsmarknads- og lønnsstatistikk er det ledig ei fast stilling som førstekonsulent/rådgivar. Hovudarbeidsfeltet i seksjonen er å utarbeide statistikk om sysselsetjing, sjukefråvær, lønn og gjennomføre arbeidskraftundersøkinga. A-ordninga utgjer ei viktig datakjelde som gir gode høve for å lage statistikk og analysar om arbeidsmarknaden.
Mykje av arbeidet i seksjonen er knytt til kontraktar med hovudorganisasjonane i arbeidslivet, departement og andre oppdragsgivarar utanfor SSB.
Arbeidsoppgåver
Løpande publisering og utvikling av statistikk om arbeidsmarknaden
Deltaking i prosjekt og analyseoppdrag
Tabelloppdrag og samarbeid med partnarar i arbeidslivet
Sørgje for modernisering og effektivisering av produksjonsrutinar
Kvalifikasjonar
Utdanning på hovudfags-/masternivå, helst innanfor samfunnsøkonomi, statististikk, statsvitskap, matematikk eller annan samfunnsvitskapleg utdanningsbakgrunn. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
God tal forståing
God munnleg og skriftleg i norsk
Det er ønskjeleg med:
Erfaring frå statistikkproduksjon og analyse, helst innan arbeidsmarknaden
Kunnskap om metodar og tekniske verktøy for utvikling av statistikkproduksjon
For tilsetjing som rådgivar blir det stilt krav til god kjennskap til statistikkproduksjon, og erfaring med å skrive analyseartiklar
Personlege eigenskapar
God på samarbeid
Strukturert og sjølvstendig
God til å kommunisere
Analytisk
Initiativrik med god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
Lønn som førstekonsulent/rådgivar (kode 1408/1434) i lønsspenn frå kr 456 400 til 552 800 etter kvalifikasjonar
Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
Lyse og trivelege lokale i Oslo
Eit godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutvikling
Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø
Generelt:
Attestar/vitnemål skal registrerast/ bli lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Søkjarar somblir innkalla til intervju, blir bedne om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar ogvitnemål. Vi utfører kontroll av dokument, og vi gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjararfør tilsetjing.
Vi gjer oppmerksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bedtom ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vil bli teken til følgje, vilsøkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodarkvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, alder, nedsett funksjonsevneeller hol i CV. Søkjarar som opplyser om at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV, må vereinnforstått med at denne opplysinga kan brukast til registreringsformål jf. arbeidet til regjeringa medinkluderingsdugnaden.
Som IA-verksemd legg vi forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.