LEDIG STILLING VED STATISTISK SENTRALBYRÅ

Førstekonsulent / rådgivar - Avdeling for person- og sosialstatistikk

Søknadsfrist: 15.04.2021

Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har rundt 850 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.


SSB publiserer dagleg statistikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, òg internasjonalt.

Vi er ei kompetansebedrift med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernisere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon.

I Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk er det ledig ei fast stilling som førstekonsulent/rådgivar. Seksjonen produserer statistikkar og analysar innanfor helse- og omsorgstenester og velferdstenester, og er ein viktig bidragsytar til kunnskapsgrunnlaget på desse samfunnsområda. Seksjonen har blant anna ansvaret for statistikken på fleire kommunale og regionale område som inngår i Kommune-stat rapporteringa (KOSTRA), som til dømes statistikk over barnevernstenesta. Seksjonen har utstrekt dialog med relevante aktørar på dei ulike statistikkområda, noko som er viktig for å drifte og forvalte statistikkproduksjon og statistikkutvikling på ein god måte. Seksjonen er dessutan involvert i internasjonalt statistikksamarbeid på ulike område og i ulik utstrekning, blant anna i Norden, gjennom OECD og med EU (Eurostat). Seksjonen er til dømes i gang med å ta i bruk meir geodata i produksjon og formidling av helsestatistikk innanfor eit prosjekt i regi av Eurostat. Seksjonen samarbeider elles mykje med lokale, regionale og statlege styresmakter i datainnsamling, statistikkproduksjon og analysearbeid, og ønskjer å vere ein pådrivar i utvikling av ny og viktig statistikk. Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk er ein av seks seksjonar på SSBs avdeling for person- og sosialstatistikk.

Arbeidsoppgåver

  • Produsere og publisere offisiell statistikk som brukarar har behov for.
  • Leggje til rette, analysere og utlevere data på oppdrag frå samarbeidspartnarar.
  • Sørgje for å vidareføre og vidareutvikle statistikkområda til seksjonen.
  • Kvalitetssikre og klargjere data for bruk i statistikkproduksjon og analyse.
  • Bidra til å ivareta ein konstruktiv dialog med viktige samarbeidspartnarar.
  • For stillingskode som rådgivar vil det bli stilt høgare krav til sjølvstende i oppgåveløysinga.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på hovudfags-/masternivå, helst statsvitar, samfunnsøkonom eller annansamfunnsvitskapleg utdanningsbakgrunn. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring frå statistikkproduksjon og gjennomføring av statistiske undersøkingar er positivt, ogsektorkompetanse innafor helse- og omsorgssektoren eller på ulike velferdsområde er ein fordel.
  • Gode IT-kunnskapar, til dømes i bruk av programmeringsspråk som SAS EG, Python, R eller tilsvarande.
  • God munnleg og skriftleg i norsk og engelsk, og ein sterk interesse for å bruke data og formidle kunnskap.
  • Det er ønskjeleg med:
  • Erfaring frå bruk og forvalting av register- og persondata.
  • For tilsetjing som rådgivar blir det stilt krav til god kjennskap til statistikkproduksjon og dataanalyse.

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig, metodisk og likar å arbeide med tal.
  • Evne til å følgje opp fleire problemstillingar, samtidig som fristar blir haldne.
  • Oppteken av å tileigne seg naudsynt kunnskap og kompetanse og halde den ved like.
  • Analytisk og oppteken av å trekkje ut og presentere essensen av komplekse problemstillingar.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk, men liker samstundes å samarbeide med andre.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk.

Vi tilbyr

  • Løn som førstekonsulent/rådgivar (kode 1408/1434) i lønsspenn frå kr 458 900 til 555 800 etter kvalifikasjonar. Høgare lønn og/eller anna stillingskode kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte.
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Lyse og trivelege lokale i Oslo.
  • Eit godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutvikling.
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø.

Generelt:

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/ bli lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Søkjarar som blir innkalla til intervju, blir bedne om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Vi utfører kontroll av dokument, og vi gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vil bli teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer derfor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Eksempel på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Webcruiter-ID: 4361379546

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon:

  • Arne Jensen (Seksjonssjef), 99 71 22 45, arne.jensen@ssb.no
Powered by Labrador CMS