LEDIG STILLING VED OSLOMET

Jurist i Avdeling for forskning og utvikling

Søknadsfrist: 28.01.2024

OsloMet

OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Vil du jobbe som jurist innanfor FoU-området?

Avdeling for forsking og utvikling er ein strategisk pådrivar for forskingsverksemda ved OsloMet sine fakultet og forskingssenter, og den skal medverke til å utvikle og koordinere arbeidet på desse områda. Vi ser etter ein dugande jurist som vil inngå i den juridiske eininga i avdelinga.

Det vil vere eit stort spenn i arbeidsoppgåver, der du mellom anna vil jobbe med immaterialrett, kontraktsrett og personvern. Det vil vere gode vilkår for fagleg utvikling i stillinga. 

Stillinga er midlertidig ut 2024, og det er ønskje om snarleg tiltreding.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere

  • juridisk støtte til fagmiljøa og leiinga ved OsloMet innanfor avdelinga sine ansvarsområde
  • hjelp til utvikling av interne retningslinjer og regelverk
  • ein del rettleiing og opplæringsverksemd innanfor avdelinga sitt ansvarsområde

Vi ser etter deg som har

  • juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Det er ein fordel at du har

  • erfaring med å utarbeide kontraktar på norsk og engelsk
  • interesse for eller erfaring med immaterialrett og/eller kommersialiseringsprosjekt
  • erfaring med personopplysningslova og personvernforordninga
  • interesse for forskings- og innovasjonsfeltet

Vi ynskjer deg som

  • vil finne gode løysingar
  • har god gjennomføringsevne, er ryddig, fleksibel og initiativrik
  • har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • likar å jobbe med varierte oppgåver

Vi legg vekt på at ein er personleg eigna for stillinga. 

Nyutdanna kandidatar kan også søkje.

Det er viktig for OsloMet å spegle menneska i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen. Vi arbeider aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du treng det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkommen til å søkje hjå oss.

Vi kan tilby deg

  • spennande jobb ved Noregs tredje største og mest urbane universitet
  • gode vilkår for fagleg utvikling på interessante og viktige område for OsloMet
  • kunnskapsrike kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • pensjonsvilkår i Statens Pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Vi behandlar berre søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem og alle dokument må lastast opp for at søknaden din skal bli behandla. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vere autoriserte. Dersom du blir innkalla til intervju må du vise fram originalen der. OsloMet kontrollerer dokument slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Andre opplysningar

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

  • gruppeleiar (juridisk eining): Anne Bjørtuft, telefon 450 22 622
  • forskingsdirektør: Yngve Foss, telefon 982 23 574

Stillinga blir løna etter Hovudtariffavtalane i staten og OsloMet sin lønnspolitikk i 1408 førstekonsulent, 1434 rådgjevar eller 1364 seniorrådgjevar, i lønstrinn 45 – 74, tilsvarande kroner 466 600 – 745 000. Lønn og stillingskode blir tilbydd ut frå kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar. Frå løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.

Tilsetjing blir gjennomført etter prinsippa i Statsansatteloven (lovdata.no), og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester. 

Du som søkjar kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkjarlista sjølv om du har bede om at søknaden blir behandla konfidensielt. Dersom dette skjer, vil du bli varsla før publisering.

Dersom du vil søkje på stillinga, må du søkje elektronisk. 

Søknadsfrist: 28. januar 2024. 

Ref.: 24/00092

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS