Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent (seniorkonsulent) - Institutt for statsvitskap

Søknadsfrist: 23.04.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for statsvitskap driv forsking, undervising og formidling. Instituttet har i dag ein fast vitskapleg stab på 33 tilsette, 13 stipendiatar, seks postdoktorar og ti administrativt tilsette. Instituttet har om lag 1100 studentar fordelt på bachelor-, master- og ph.d.- programma i statsvitskap, samt dei tverrfaglege bachelorprogramma i internasjonale studiar og offentlig administrasjon og leiing, og masterprogrammet i freds- og konfliktstudiar (PECOS). Instituttet er vertskap for Senter for ekstremismeforsking (C-REX).

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Institutt for statsvitskap har ledig ei fast stilling som studiekonsulent (seniorkonsulent SKO 1363). Vi søkjer etter ein person med erfaring frå studieadministrasjon og med teft og interesse for nettarbeid og digital læring. Den som blir tilsett vil arbeide tett med våre undervisarar og ha fokus på støtte og tilrettelegging for bruk av varierte læringsformer og digitale verktøy i undervisinga. I tillegg vil personen vere instituttet sin superbrukar for læringsplattforma Canvas.

Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon på ti personar. For nærare informasjon om instituttet, sjå nettsida vår: http://www.sv.uio.no/isv/

Sentrale arbeidsoppgåver

  • planlegging og oppfølging av seminarundervisning
  • undervisningskvalitet og evalueringar
  • digital læring og Canvas
  • studienettredaktør

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning frå universitet eller høgskule minimum tilsvarande bachelorgrad. Særs relevant og dokumentert realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • digital kompetanse, kjennskap til Canvas vil vere ei føremon
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • relevant arbeidserfaring
  • samfunnsvitskapleg eller tilgrensande utdanning, gjerne statsvitskap

Vi stiller store krav til at du er personleg egna til stillinga, og vil vektlegge følgjande eigenskaper:

  • gode samarbeidsevner
  • at du er nøyaktig og har god ordenssans
  • evne til å handtere og organisere mange oppgåver samstundes
  • ein aktiv og open arbeidsmetodikk
  • evne til å ta ansvar og jobbe sjølvstendig

Vi tilbyr

  • jobb i ein solid og dynamisk organisert administrasjon i eit inspirerande undervisings- og forskingsmiljø
  • løn som seniorkonsulent (SKO 1363) kroner 488 500 – 555 100 avhengig av kompetanse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål, attestar, og liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Stillinga er ledig frå 1. juni 2019.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS