Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Rekneskapskonsulent ved Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 25.08.2019

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.


Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På
Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og einfakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Det humanistiske fakultet søker ein rekneskapskonsulent. Du får ei nøkkelrolle i å legge til rette for god økonomisk styring på bilagshandtering, reiserekningar og innkjøp på eit av de største fakulteta på Universitet i Oslo.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Om stillinga

Ei fast stilling som rekneskapskonsulent (førstekonsulent SKO 1408/ seniorkonsulent SKO 1363) er ledig ved økonomiseksjonen ved Det humanistiske fakultet. Det kan óg bli ledig eit vikariat som rekneskapskonsulent.

Rekneskapskonsulenten er ein sentral ressurs i arbeidet med reiserekningar, fakturahandtering og innkjøp på Det humanistiske fakultet. Oppgåvene omfattar mellom anna generell støtte og bistand til institutta, opplæring av tilsette på fakultetet innanfor rekneskapsområdet, fakturahandtering, reiserekningar og innkjøp. Det kan óg bli lagt andre oppgåver til stillinga.

Som tilsett vil du møte brukarar med mangfaldige behov, og du må kunne kommunisere godt med vitskapeleg tilsette. Du må like å jobbe i team og ha ei god serviceinnstilling.

Fakultetet gir fellestenester til institutta innanfor verksemdområda IT, personal/HR, kommunikasjon og økonomi.

Du vil jobbe med 15 kollegaer på økonomiseksjonen, som er ein del av fakultetsadministrasjonen til Det humanistiske fakultet. Økonomifunksjonen ved fakultet er delt i tre faggrupper: basis, prosjekt og rekneskap, der denne stillinga er plassert under rekneskap, men også andre økonomioppgåver ved fakultetet kan bli lagt til stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • handsaming av inn- og utgåande fakturaer
  • lønnsbilag
  • refusjonar og reiserekningar
  • handtering av elektronisk betalingsløysing
  • avstemming av valutakonti
  • kontrollprogram rekneskap
  • kontrollprogram lønn
  • generell sakshandsaming innanfor økonomi- og kontrollfunksjonar

Kvalifikasjonskrav

  • relevant økonomi- og rekneskapsfagleg utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelornivå. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
  • gode kommunikasjonsevner
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar (god Excel kunnskap og generelt god systemforståelse)
  • Det er ein fordel med relevant erfaring frå tilsvarande arbeid (innanfor universitets- og høgskulesektoren)

Det vil bli lagt vekt på om søkaren er godt personleg skikka for stillinga.

Vi ser etter søkarar som

  • har god talforståing og er nøyaktige
  • er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
  • er gode lagspelarar
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 488 000 til kr 563 700 per år, avhengig av kompetanse for stilling som førstekonsulent, SKO 1408
  • lønn frå kr 504 700 til kr 583 900 per år, avhengig av kompetanse for stilling som seniorkonsulent, SKO 1363
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Vi søker i utgangspunktet etter ein førstekonsulent. Ved eventuell tilsetting i stilling som seniorkonsulent vil det bli stilt større krav til sjølvstende og spesialkompetanse.

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål

Søknad (med ev. vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

Søknadsfrist: 25.08.2019

Andre opplysningar

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om korleis søke:

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS