Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Rådgjevar / seniorkonsulent (Senter for fleirspråklegheit – MultiLing)

Søknadsfrist 01.04.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) er eit senter for framifrå forsking (SFF) under Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Det humanistiske fakultet. Senteret har også status som eitt av fem verdsleiande miljø ved Universitetet i Oslo, og er i ferd med å bygge opp eit sosiokognitivt laboratorium. MultiLing sitt mål er å bidra med kunnskap om fleirspråklegheit hjå individet og i samfunnet i eit livsløpsperspektiv, og gjennom det belyse dei moglegheitene og utfordringane fleirspråklegheit representerer for individet i familien, skulen, andre institusjonar, og i samfunnet som heilskap. Staben består av 40 tilsette frå 15 forskjellige land. MultiLing har i tillegg eit stort nettverk av nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar som arbeider med fleirspråklegheit ved ei rekke forskingsinstitusjonar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Ei stilling som rådgjevar SKO 1434/seniorkonsulent SKO 1363 er ledig ved Senter for fleirspråklegheit – MultiLing, eit senter for framifrå forsking ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

Vi ser etter ein drivande dyktig, positiv og sørvisinnstilt rådgjevar med stor arbeidskapasitet og som fungerer godt under stress. MultiLing er eit forskingssenter med store ambisjonar, mange internasjonale gjestar og tilsette, og eit høgt aktivitetsnivå. Nyleg er òg fleire søknadar om ekstern finansiering blitt innvilga, og det er behov for ei generell styrking av administrasjonen på senteret. I 2018 fekk MultiLing fornya finansiering fram til 2023. Som del av senterets strategi for perioden etter 2023, ligg det inne ein plan om utvikling av eit engelskspråkleg og internasjonalt masterprogram innan fleirspråklegheit på vertsinstituttet. Det administrative ansvaret for utviklinga av masterprogrammet vil liggje til stillinga, i tett samarbeid med instituttet og fagleg prosjektleiar på MultiLing.

Den som blir tilsett, vil gå inn i eit team med administrativ leiar, seniorkonsulent og fleire vitskaplege assistentar.

Arbeidsoppgåver

  • Utvikling av nytt masterprogram i fleirspråklegheit (koordinering, utgreiing, samarbeidsavtalar med utanlandske universitet, sakspapir mm.)
  • Oppfølging av forskarskulen på MultiLing (kursplanlegging, sommar- og vinterskular, opptak, reisestipend, reisebestilling og visum til kursdeltakarar)
  • Oppfølging av mobilitet i nettverksprosjekt med Sør-Afrika og USA
  • Administrative oppgåver i tilknyting til MultiLings sosiokognitive laboratorium
  • Planlegging og gjennomføring av workshops, konferansar og andre faglege aktivitetar på MultiLing, i samarbeid med forskarane
  • Skriving av saker for nett og andre medium
  • Leiarstøtte med sakspapir og rapportar
  • Representant/avløysar for administrativ leiar på MultiLing

Det kan også bli lagt andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå (men ein fordel med mastergrad). Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • gode kommunikasjonsevner
  • framifrå munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar
  • omfattande relevant erfaring frå tilsvarande arbeid innanfor universitets- og høgskulesektoren er ein fordel
  • spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga

Vi ser etter søkjarar som:

  • er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver i eit ambisiøst internasjonalt arbeidsmiljø
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • er gode til å skrive
  • er sørvisinnstilte og likar å jobbe med menneske
  • har gode samarbeidsevner
  • innsikt i og interesse for eitt eller fleire forskingstema på Multiling er ein fordel, men ikkje ein føresetnad

Vi tilbyr

  • løn: 480 600 – 555 100 (avhengig av ansiennitet og kompetanse) for stilling som seniorkonsulent
  • løn: 497 000 – 576 100 (avhengig av ansiennitet og kompetanse) for stilling som rådgjevar
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, og høve til trening i arbeidstida

Vi søkjer i utgangspunktet etter ein rådgjevar med spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga. For særs dyktige yngre søkjarar med kortare, men relevant praktisk erfaring i høve til fagfeltet, kan det vere aktuelt med tilsetjing i stilling som seniorkonsulent.

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • karakterutskrifter for bachelor- og eventuelt mastergrad

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Andre opplysningar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS