Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Studentrettleiar i medisinsk statistikk
Det medisinske fakultet søkjer inntil 7 motiverte studentar som ønskjer å vere grupperettleiar for studentar som følgjer emne i medisinsk statistikk (medisin-, odontologi-, ernæring- og farmasistudentar). For eit par av stillingane kan det vere aktuelt å undervise studentar på masterstudiet i Global helse, desse er engelskspråklege.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
24 timar gruppeundervisning
Individuell tilbakemelding på innleveringsoppgåver, ca. 20 timar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
For å søkje må du enten:
ha fullført emnet medisinsk statistikk ved MED (gjennom medisinstudiet, odontologistudiet, ernæringsstudiet eller farmasistudiet)
ha fullført STAT110 og STAT111 ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, eller
ha fullført tilsvarende kurs ved andre institusjoner
Erfaring som veileder er en fordel.
Vi søkjer deg som:
er reflektert
er ivrig etter å dele kunnskap og erfaring
ynskjer fagleg og personleg utfordring
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
stillinga er timeløna (inkludert opplæring/kurs, førebuingar og evaluering) som fagkonsulent (kode 0389) i lønssteg 35. For kandidatar som kan vise til tilsetjing i tilsvarande stilling løn etter lønstrinn 37
du vil få attest etter fullført jobb
Søknaden skal innehalde:
Send søknad i form av eit motivasjonsbrev på maks ei side.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.