LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Kommunikasjonsrådgjevar - Arkeologisk museum

Søknadsfrist: 05.10.2023

UiS hovedlogo positiv RGB

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet.

Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grønn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. 


Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.


Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Arkeologisk museum er eit tverrfagleg museum med oppgåver innanfor forsking, formidling, fornminnevern, konservering samt dokumentasjon og samling. Muséet har eit vitskapleg personale med forskarar innanfor arkeologi, konservering, ulike naturfag og nyare tids kulturhistorie. Det museumsfaglege personalet dekkjer fleire felt innanfor konservering, laboratorium, fototenester, arkiv og vitskaplege samlingar, forvaltningsoppgåver gjeve i Lov om kulturminne, utstillingsproduksjon, grafisk formgiving, skuleteneste, publikumstilbod og utleigeverksemd.


Muséet driv eit forlag med to seriar som er poenggivande i CRIStin. Muséet har i dag omlag 80 fast tilsette fordelt på fire fagavdelingar og ein administrasjon.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig vikariat som kommunikasjonsrådgjevar ved Arkeologisk museum, museumsadministrasjonen. Vikariatet er ledig frå 27. november 2023 til og med 31. august 2024 med moglegheit for utviding til og med 26. november 2024.

Den som vert tilsett skal gi kommunikasjonsfaglege råd og rettleiing overfor museumsleiinga og bidra til at aktiviteten ved museet vert kjent i relevante målgrupper både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Kommunikasjonsrådgjevar samarbeider tett med museumsdirektør om kommunikasjonsstrategiske oppgåver og deltar i museets leiargruppe.

Vidare skal kommunikasjonsrådgjevar arbeide aktivt med innhaldspublisering i digitale kanalar og ha ansvar for kommunikasjon til eksterne målgrupper i samfunnet, media, næringsliv og gjester til museet. Det er viktig at den som vert tilsett har evne til å engasjere med godt innhald. Kommunikasjonsrådgjevar inngår i eit institusjonelt nettverk innanfor kommunikasjon og samfunnskontakt ved universitetet. Krisekommunikasjon i beredskapssituasjonar er også tillagt stillinga. 

Museumsadministrasjonen støtter museets fire fagavdelingar og består av seks tilsette. Den som vert tilsett vil i samarbeid med dei andre tilsette i museumsadministrasjonen sørgje for gode resultat på service, god informasjonsflyt i avdelinga og på tvers av museets avdelingar, samt sørgje for god framdrift på egne og felles prosjekter. 

Hovudoppgåver

  • gi kommunikasjonsfaglege råd og rettleiing overfor leiinga ved museet
  • utarbeide og implementere kommunikasjonsstrategi og media plan
  • ivareta redaktøransvar for nettsida med ansvar for dagleg oppdatering og vedlikehald
  • ta initiativ til og støtte kommunikasjonsbehov og tekstarbeid på tvers av avdelingane og at bodskapet vert kommunisert tydeleg internt og eksternt
  • delta i planlegging og gjennomføring av kommunikasjons- og marknadsføringstiltak 
  • sikre god flyt mellom intern og ekstern informasjon om museets verksemd og tilbod
  • innhaldspublisering og forskingsjournalistikk på digitale flater der museet er representert og i universitetets publikasjonar
  • identifisera og forberede mediesaker, samt bidra ved handtering av medieførespurnader

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning i journalistikk eller kommunikasjon/mediefag på minimum bachelornivå, mastergrad vil vere ein fordel. Særskild relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
  • relevant erfaring, der erfaring med strategisk kommunikasjonsarbeid vil bli særleg vektlagd. Erfaring frå utdanningssektoren eller kulturinstitusjonar er ein fordel.
  • erfaring med bruk av Microsoft Office og andre publikasjonsplattformer
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk. Du må meistra begge målformer (bokmål og nynorsk).

Vidare blir det lagt vekt på at du: 

  • har innsikt i informasjonstrygging, personvern og bildebruk 
  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivest med å initiere kontakt og skape gode relasjonar til aktuelle målgrupper i samfunnet, media, næringsliv og gjester til museet
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 550.000 - 650.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn.

Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar me minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.

Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Administrasjonsdirektør Marianne Finsnes Molineaux, tlf: 91856797, e-post: marianne.f.molineaux@uis.no

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Janne V. Endresen, tlf 51831216, e-post: janne.v.endresen@uis.no

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette. 

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS