Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Webredaktør i Norgeshistorie.no (vikariat)

Søknadsfrist: 15.08.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) er satt saman av tre fag som på kvar sin måte granskar fortida. Instituttet har eit internasjonalt orientert miljø i arkeologi, den einaste konserveringutdanninga i landet og det største historikarmiljøet i Norden. Instituttet har i underkant av 100 tilsette, inklusive stipendiatar og postdoc. Undervisninga omfattar arkeologi frå steinalderen til mellomalderen, gjenstands- og malerikonservering, og historie frå antikken til vår tid.

Institutt for arkeologi, konservering og historie

Om stillinga

Eit vikariat som webredaktør i Norgeshistorie.no (rådgjevar SKO 1434) er ledig ved Institutt for arkeologi, konservering og historie.

Norgeshistorie.no er ein nettstad med over 650 lettfattelege og illustrerte artiklar om norsk historie frå steinalderen til i dag. Alle artiklane er skrivne og fagfellevurdert av ekspertar på norsk historie og arkeologi ved Universitetet i Oslo og elles i landet. Sidan lanseringa i desember 2015 har Norgeshistorie.no blitt den sentrale nettstaden for informasjon om norsk historie retta mot historieinteresserte lesarar, studentar og lærarar og elevar i vidaregåande skule.

Webredaktøren skal drifte og vidareutvikle nettstaden under leiing av og i samarbeid med fagleg leiar.

Vikariatet er for 12 månader, med moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver

  • Innhald- og teknisk produksjon av podkast til vidaregåande skuler
  • Research og utvikling av innhald for publisering på nett og som podkast
  • Innhenting og tilrettelegging av bilde, musikk og grafisk materiale
  • Drift av sosiale medier og marknadsføring
  • Drift og vidareutvikling av nettstaden
  • Analysere bruk og gjennomføre brukarundersøkingar

Det kan også bli lagt andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå innanfor journalistikk eller utdanning tilsvarande masternivå i historie eller arkeologi. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
  • erfaring frå journalistisk arbeid eller erfaring som lektor frå vidaregåande skole
  • kunne bruke redigeringsprogram for lyd og bilde
  • det er en fordel med erfaring med formidling på nett og podkast
  • gode formidlings -og kommunikasjonsevner
  • svært gode norskkunnskapar, både skrifteleg og munnleg
  • personleg egna og motivert for stillinga

Vi ser etter søkarar som:

  • har god forståing for arbeid med forskingsformidling
  • har erfaring med team- og prosjektarbeid
  • er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 516 100 til kr 594 300 per år, avhengig av kompetanse
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, klikk “Søk stillinga”.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om rekrutteringsprosessen:

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS