Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Nettredaktør - Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 11.10.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.

Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og einfakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den nye tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Om stillinga

Kommunikasjonsseksjonen på Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo er på jakt etter ein løysingsorientert og fagleg dyktig nettredaktør (SKO 1434 eller SKO 1364) med teamleiarerfaring.

Stillinga er ei midlertidig tilsetting for eitt år, og personen som tilsettast vil ha fagansvar og leie ein nettredaksjon med fire tilsette. Nettredaktøren har løpande dialog med institutta sine fagmiljø ved utarbeiding av nettløysingar. Stillinga vil også jobbe i tett samspel med resten av kommunikasjonsstaben og dei andre fagseksjonane ved fakultetet.

Som nettredaktør vil du ha hovudansvar for å styrke den posisjonen fakultetet har på digitale flater. Hf.uio.no er ein av dei viktigaste møteplassane fakultetet har for studentar, forskarar, samfunn og næringsliv.

Du har god kjennskap til kva det inneber av fordelar og utfordringar å jobbe i ein stor organisasjon og stillinga vil ha både strategiske og operative oppgåver. Du rapporterer til kommunikasjonssjefen og vil ikkje ha personalansvar.

Arbeidsoppgåver

  • leie og følge opp det daglege arbeidet i nettredaksjonen
  • kartlegge behov og utarbeide planar for nettstaden
  • representere fakultetet i nettverket for UiO sine nettredaktørar og følge opp sentrale planar på fakultetet
  • gi råd til leiarar og innhaldseigarar
  • sørge for jamlege brukartestar, analysar og evalueringar

I tillegg vil du bidra i seksjonen sitt arbeid med rådgiving og planlegging på andre kommunikasjonsområder.

Kvalifikasjonskrav

  • relevant kommunikasjonsfagleg utdanning, minimum på bachelornivå. Relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • gode kommunikasjonsevner og språklege ferdigheiter på norsk og engelsk
  • sterk digital kompetanse og erfaring med drift og utvikling av digitale kanalar
  • gode resultat frå prosjektleiing
  • erfaring med målingar og analyseverktøy
  • det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som gjer søkaren skikka for arbeidsoppgåvene i stillinga

Det er ein fordel med erfaring med teamleiing.

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og er flink til å motivere og leie andre
  • Du er god til å bygge og ta vare på relasjonar og nettverk
  • Du jobbar strukturert, analytisk og held fristar
  • Du trivst med ein stor kontaktflate, og evner å skape resultat i ein stor organisasjon
  • Du er sjølvstendig, initiativrik og løysningsorientert, trivst med høgt tempo og kan handtere mange oppgåver samtidig

Vi tilbyr

  • stillingskode rådgivar SKO 1434, lønn kr 543 500 - 626 100 pr. år (ltr. 60 - ltr. 68) eller seniorrådgivar SKO 1364, lønn kr 583 500 - 677 600 pr. år (ltr. 64 – ltr. 72), avhengig av erfaring og kompetanse
  • eit hyggeleg arbeidsmiljø og arbeidsoppgåver med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • fleksibel arbeidstid
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og moglegheit til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

Vi viser óg til regelverk for teknisk-administrative tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS