Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Nettredaktør / avdelingsleiar ved Det humanistiske fakultet (Kommunikasjonsseksjonen)

Søknadsfrist 21.01.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.


Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og ein fakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den nye tverrfakultære satsinga UiO:Norden og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Det humanistiske fakultetet søker etter ny nettredaktør/ avdelingsleiar (SKO 1407). Vi er på jakt etter ein erfaren kommunikatør med ein sterk digital kompetanse som er van med å utvikle og drive digitale kanalar, og som veit kva som skal til for å få digitale og andre typar kommunikasjonsaktivitetar til å spele på lag. Du vil òg jobbe med strategi og langsiktig planlegging, og du må vere van med å omsette strategi og planar til konkrete tiltak og prosjekt.

Som nettredaktør hos oss vil du ha hovudansvar for å styrke den posisjonen fakultetet har på digitale flater. Digitale kanalar er ein av dei viktigaste møteplassane fakultetet har med studentar, forskarar, samfunn og næringsliv.

Kommunikasjonsseksjonen er organisert som ei fellesteneste for institutta og fakultetsleiinga. Ansvaret for nettsidene er sentralisert på fakultetsnivå. Du vil ha redaktøransvar for hf.uio.no, vere teamleiar for nettredaksjonen og leie utviklingsprosjekt. I tillegg vil du arbeide med rådgivingsoppdrag og strategiske oppgåver på andre kommunikasjonsområde enn nett. Du vil jobbe mykje i samspel med institutta og på tvers av fagmiljø og administrative område.

Stillinga vil ha både strategiske og operative oppgåver. Du rapporterer til kommunikasjonssjefen og vil ikkje ha personalansvar.

Viktige arbeidsoppgåver i stillinga:

  • leie og følge opp det daglege arbeidet i nettredaksjonen
  • kartlegge behov og utarbeide planar for nettstaden
  • sette opp og følge opp prosjekt
  • legge til rette for samarbeid på tvers av organisasjonen og gi råd til leiarar og innhaldseiarar
  • sørge for jamlege brukartestar, analysar og evalueringar
  • vikariere for kommunikasjonssjef ved behov

I tillegg vil du bidra i seksjonen sitt arbeid med rådgiving og planar på andre kommunikasjonsområde.

Kvalifikasjonskrav

  • sterk digital kompetanse og erfaring med drift og utvikling av digitale kanalar
  • gode resultat frå prosjektleiing
  • relevant erfaring med rådgiving og strategiarbeid
  • gode kommunikasjonsevner og språklege ferdigheiter på norsk og engelsk
  • relevant kommunikasjonsfagleg utdanning, minimum på bachelornivå. Relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.

Erfaring med målingar og analyseverktøy er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Du jobbar strukturert og analytisk, trivst med ei stor kontaktflate og evnar å skape resultat i ein stor organisasjon.
  • Du er sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert, trivst med høgt tempo og kan handtere mange oppgåver samtidig.
  • Du er ein typisk lagspelar og god til å bygge og ta vare på relasjonar og nettverk.

Vi tilbyr

  • lønn: kr 607 700 - 670 000 per år, avhengig av kompetanse
  • eit hyggeleg arbeidsmiljø og arbeidsoppgåver med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • fleksibel arbeidstid
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • lenker til relevante nettressursar du har jobba med
  • ev. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (ev. med vedlegg, helst i pdf-format) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

Etter offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:seksjonssjef Helene Wilberg, tel. 950 62 371

For spørsmål om korleis ein skal søke: Personalkonsulent Julie Tøllefsen

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS