LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

PhD-stilling i tverrfaglig prosjekt på klima og medier

Søknadsfrist: 27.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

PhD-stilling i tverrfaglig prosjekt på klima og medier

Ved Senter for klima og energiomstilling (CET), Universitetet i Bergen, er det ei ledig stilling som PhD-stipendiat for ein periode på tre år. Stipendiaten vil vere knytt til eit større forskingsprosjekt, Media Use in Crisis Situations: Resolving Information Paradoxes, Comparing Climate Change and COVID-19 (MUCS), finansiert av Norges Forskningsråd og leia frå Institutt for informasjons- og medievitskap. Prosjektet studerer kvardagslege erfaringar, kommunikasjon og samfunnsmessig respons på klimakrisa og koronakrisa, og kombinerer medieforsking, samfunnsgeografi og politisk psykologi. Stipendiaten vil gjere feltarbeid i eit eller fleire norske lokalsamfunn, for å sjå på korleis ulike aktørar (eks. innbyggjarar, kommunar, lokalmedium) møter klimakrisa. Det er høve til å foreslå konkrete saker, debattar eller stader å forske på, og til å sjå klima- og koronakrisa i samanheng.

Senter for klima og energiomstilling er eit tverrfagleg forskingssenter som har som mål å skape handlingsretta kunnskap om korleis oppnå djup, rask og berekraftig transformasjon av samfunnet for å møte klimautfordringa. CET er ein del av Det samfunnsvitskaplege fakultet, og jobbar med forskarar frå ei rekke disiplinar.

PhD-kandidaten er forventa å utvikle eit forskingsprosjekt som oppfyller krava til doktorgrad, i samråd med rettleiarar, i ei tidlig fase av stipendiatperioden. I søknaden forventast søkarar å legge ved eit fagleg motivasjonsbrev som beskriv korleis hennar eller hans kompetanse er tenkt brukt til å utvikle og utføre prosjektet.

Stipendiaten vil ha sitt arbeidssted på CET, og er forventa å bidra til å gjere CET til et dynamisk og produktivt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad eller tilsvarande innan samfunnsvitskap, til dømes samfunnsgeografi, mediestudiar, sosiologi, statsvitskap eller sosialantropologi. Kravet er karakter B på masteroppgåva og i mastergraden totalt.
  • Kompetanse, erfaring og interesse innan tema for MUCS-prosjektet (motivasjonsbrevet vil vere viktig i vurderinga av søkarane).
  • Røynsle med metodar nødvendig for å utføre forskingsprosjektet, til dømes kvalitativt feltarbeid, dybdeintervju eller etnografiske metodar.
  • Interesse for tverrfagleg forsking, og evne til å jobbe med andre
  • Kunnskap i norsk eller skandinavisk språk er eit krav (dette fordi prosjekt sitt feltarbeid er i norsk kontekst). Kompetanse i skriftleg og munnleg engelsk er eit føremon.

Aktuelle kandidater vil bli kalla til intervju.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år og inneber ikkje undervisningsplikt. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 491 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervisning
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Eit fagleg motivasjonsbrev (3-4 sider) som beskriv søkaren si relevante kompetanse, og korleis denne er tenkt brukt til å utvikle og utføre prosjektet. Dette bør inkludera både teoretisk og metodologisk kompetanse. Brevet bør også innehalda konkrete planar for å operasjonalisere eit doktorgradsprosjekt innanfor ramma av MUCS-prosjektet.
  • Namn og kontaktinformasjon på to referansepersonar. Ein av desse bør vere rettleiar for masteroppgåva.
  • CV, inkludert eventuelle publikasjonar
  • Karakterutskriftar og diplom som visar fullføring av gradar, og relevante attestar.
  • Akademiske publikasjonar som søkaren vil legge ved til vurdering, inkludert masteroppgåva.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Håvard Haarstad (samfunnsgeografi, potensiell veileder), e-post: havard.haarstad@uib.no, tlf.: +47 55 58 45 81 eller
  • Professor Brita Ytre-Arne (medievitenskap og prosjekleder), e-post: Brita.Ytre-Arne@uib.no, tlf.: +47 55 58 41 14

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib.no.

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar: Hanne.Gravermoen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS