LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Senioringeniør i elektronmikroskopi

Søknadsfrist: 02.10.2022

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grøn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Fakultetet har eit nært samarbeid om forsking med NORCE og industrien i regionen. Ei rekkje master- og doktorgradsoppgåver blir laga i samarbeid med industrien. Fakultetet har etablert forskingssamarbeid med universitet i USA og Europa, og har utvikla fleire fagmiljø som er internasjonalt leiande. Fakultetet har om lag 2.900 studentar og 500 tilsette fordelte på Institutt for data- og elektroteknikk, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi, Institutt for matematikk og fysikk, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi, Institutt for energi- og petroleumsteknologi, Institutt for energiressursar og Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som senioringeniør i elektronmikroskopi ved laboratoriet tilknytt Institutt for maskin, bygg og materialteknologi.

Den som vert tilsett vil ha ansvar for daglege drift av skanning og transmisjons elektronmikroskopa (SEM og TEM) med særskilt fokus på skanning elektronmikroskopet (SEM), tilrettelegging og rettleiing ved studentlaboratoria, medrekna å rettleia bachelor-, master- og doktorgradsstudentar. Vidare vil den som blir tilsett ha eit særleg ansvar for avansert vitskapleg utstyr, spesial programvare og forskingslaboratoria. Senioringeniør skal opparbeida og halda oppe ein utstrekt kontakt med interne og eksterne fagmiljø med mål om å oppnå ei høg grad av utnytting av elektromikroskopilaboratoriet.

Instituttet har i dag éit skanning elektronmikroskop (SEM) og eit transmisjons elektronmikroskop (TEM). Vi er midt i ein prosess med innkjøp av eit nytt SEM, som etter planen skal installerast i løpet av 2023.

Hovudoppgåver

  • ansvar for drift og vedlikehald av elektronmikroskopa, med særskilt fokus på skanning elektronmikroskopet (SEM), og tilsvarande instrument og utstyr i laboratoriet
  • undervisning og rettleiing av studentar på laboratoria i samarbeid med vitskapleg personale
  • opplæring, rettleiing og tilrettelegging for studentar i samband med eksperimentell verksemd under utføring av bacheloroppgåver, masteroppgåver og doktorgradsprosjekt
  • i samarbeid med vitskapleg personale, delta i forskingsprosjekt, oppdragsverksemd og faglege oppgåver som instituttet tar på seg
  • ivareta HMS (helse, miljø og trygging) og kvalitet ved laboratorium
  • deltar aktivt i installeringa og overtakinga av det nye skanning elektronmikroskopet (SEM)

Kvalifikasjonar

Du må:

  • ha relevant utdanning på minimum masternivå i materialteknologi, geologi, fysikk, kjemi, eller tilsvarande fagområde.
  • ha praktisk erfaring med SEM
  • vera serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • har erfaring med transmisjonselektronmikroskop (TEM) eller røntgendiffraksjon (XRD)
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er pådrivar, løysningsorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.301, kode 1181, kr 580 000-700 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire kvinner til avdelinga og oppmodar derfor spesielt kvinner til å søka. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ei kvinne bli prioritert føre ein mann.

Her kan du lese meir om mangfaldsrekruttering og korleis vi behandlar søknader.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgivar Rosa Andrade, tlf: 51 83 11 91, e-post: [email protected].

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS