LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Senioringeniør - Institutt for informatikk

Søknadsfrist: 10.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei fast stilling som senioringeniør, finansiert av eksterne prosjekt. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stillinga som senioringeniør, kan det bli aktuelt å tilsetje i stilling som overingeniør. Krav til kvalifikasjonar og praksis vert då redusert tilsvarande.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 700 studentar, i overkant 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar. Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Computational Biology Unit (CBU) er UiB sitt forskingssenter for bioinformatikk, og er lokalisert ved Institutt for Informatikk. CBU koordinerer ELIXIR Norway, den norske noden i ELIXIR, den europeiske ESFRI infrastrukturen for livsvitskapsdata.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga er ein del av CBU Service Group, og hovudarbeidsoppgåver vil vere programmering og utvikling av programvaresystem i eit vitskapeleg miljø med fokus på e-infrastruktur for bioinformatikk og berekningsbasert biologi. Stillinga bidreg til utviklingsarbeid i ELIXIR Norway samanheng, inkludert nasjonale og internasjonale infrastruktur prosjekt knytt til ELIXIR Norway.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradnivå innanfor informatikk. Lang relevant arbeidserfaring med programutviklingsarbeid kan i særskilte høve kompensera for manglande formell utdanning.
  • Stillinga krev programmeringserfaring i Java og Python, minst eitt av desse på eit høgt nivå, samt forståing av mikroteneste basert systemarkitektur.
  • Erfaring med utvikling av front-end applikasjonar (jQuery, Angular, React etc) er ønskjeleg.
  • Søkjarar må kunne dokumentere god erfaring med versjonskontroll system som git e.l., og ha kjennskap til agil/iterativ programvareutvikling.
  • Vi nyttar Linux som systemplattform, og nyttar i stor grad virtualiseringsteknologi. Vi ønskjer søkjarar med god kjennskap til begge desse felta.
  • Praksis frå arbeid med containerteknologi som Docker (byggje og administrera) er ønskjeleg. Kjennskap til containerorkestrering med til dømes Kubernetes vil vere ein føremon.
  • Praksis frå arbeid med skyplattformar som OpenStack er ønskjeleg.
  • Erfaring med utvikling av distribuerte system og tilhøyrande teknologiar (AMQP/message passing, køsystem for berekningsklynger) er ønskjeleg.
  • Erfaring med programutviklingsarbeid i eit geografisk distribuert team, og i eit multi-kulturelt fellesskap er ønskjeleg.
  • Vi utviklar infrastruktur for fagfeltet livsvitskap, og grunnleggande kunnskap innan
  • molekylærbiologi/biomedisin vil vere ein føremon.
  • Vi forventar entusiasme og uavhengigheit samt evne til å jobbe i eit tverrfagleg teammiljø.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 59-67 (for tida kr 526 000– 608 200,-) i det statlege lønsregulativet, alternativt stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 55-62 (for tida kr 490 600– 555 800) i det statlege lønsregulativet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine interesser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål, og relevante attestar.
  • namn og kontaktopplysningar til minimum to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan 10.03.2021.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Lene Sørheim

Tilsetting er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS