Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Systemutviklar - Senter for Ibsen-studium

Søknadsfrist: 29.05.2022

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) er eitt av sju institutt ved Det humanistiske fakultetet. Dei vitskapleg tilsette ved instituttet arbeider med forsking, undervisning og formidling innan fagområde som omfattar allmenn lingvistikk, fleirspråklegheit, mellomalderstudium (norrøn filologi og keltisk), nordisk litteratur (inkludert litteraturformidling og Ibsen-studium), nordisk språk (inkludert norsk som andrespråk) og retorikk og språkleg kommunikasjon.

Om stillinga

Vil du vere med på å utvikle den digitale Ibsen-arven?

Ei treårig stilling som systemutviklar (senioringeniør SKO 1181 / overingeniør 1087) er ledig ved Senter for Ibsen-studium, eit dokumentasjons-, forskings- og undervisningssenter som er organisert under Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

Senter for Ibsen-studium forvaltar eit stort og unikt digitalt materiale etter fleire tiår med Ibsen-relaterte forskings- og dokumentasjonsprosjekt. Vi har ei interaktiv e-utgåve av alt Ibsen skreiv i transkripsjonar og faksimiler (Henrik Ibsens skrifter), ein internasjonal relasjonell database med Ibsen-framføringar frå første oppføring og til i dag (IbsenStage), ein internasjonal bibliografi over Ibsen-relaterte publikasjonar (Ibsen-bibliografien), eit stort tekst- og bildearkiv, ein VR-teatermodell og ein fleirspråkleg database over Ibsen-omsettingar (The Multilingual Ibsen). Desse datasetta er av høg kvalitet og i aktiv bruk nasjonalt og internasjonalt, men er utvikla separat på ulike plattformer og foreløpig samla i Det virtuelle Ibsensenteret.

Vi ønsker å oppgradere og utvikle datasetta før 200-årsmarkeringa av Ibsens fødsel i 2028. Dette treårige prosjektet tar sikte på å oppgradere dei eksisterande plattformene etter FAIR-prinsippa for auka dataverdi og kartleggje nye tekniske moglegheiter for søk og interoperabilitet.

Systemutviklaren vil vere ein del av eit levande forskings- og undervisningsmiljø som er samansett av forskarar, masterstudentar og gjesteforskarar frå heile verda, som alle forskar på Ibsen frå ulike perspektiv, og der metodar frå digital humaniora blir brukt aktivt i både undervisning og forsking. Den som vert tilsett, vil bidra til å forme eit voksande fagmiljø ved UiO innanfor Digital Humaniora og delta i vidareutvikling av metodikk og kompetanse innanfor fagområdet.

Arbeidsoppgåver

  • oppgradere eksisterande system
  • samarbeide med andre utviklareiningar ved UiO om etablering og utvikling av databasar og lagringsløysingar
  • planlegge søk og interoperabilitetsløysingar
  • utforske nye teknologiske moglegheiter og utfordringar

Kvalifikasjonskrav

  • mastergrad eller innlevert masteroppgåve innanfor relevante fagområde. Søkar må gjere greie for korleis graden er relevant for stillinga. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • kompetanse på relevante tekstkodingsspråk og stilark (TEI XML, XSLT, HTML5, CSS)
  • erfaring med cgi-skript og programmeringsspråka Perl, PHP, Python, json og Javascript
  • erfaring med relevante rammeverk og databasar (Apache Cocoon, Zend, Oracle, eXist og SQL-databasar)
  • erfaring med utvikling av REST-baserte API-ar
  • flytande munnleg og skriftleg engelsk og norsk eller eit anna skandinavisk språk

Ønska kvalifikasjonskrav

  • interesse for og forståing av humaniora og kulturelle datasett
  • god kjennskap til omgrepsmodellar, metodikk og implementasjonsteknikkar for lenka data i kultursektoren
  • erfaring med å jobbe i team
  • erfaring med å løyse tekniske utfordringar

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, inkludert evna til å omsetje tekniske omgrep og uttrykk slik at det blir forståeleg for forskarar og studentar
  • strukturert og arbeidsam
  • tar initiativ til å tileigne seg ny kunnskap og nye ferdigheiter som er nødvendig for å kunne støtte den framifrå forskinga ved senteret
  • løysingsorientert og tilpassingsdyktig

Vi tilbyr

  • løn som senioringeniør SKO 1181 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 543 500 og kr 650 300, avhengig av kompetanse
  • løn som overingeniør SKO 1087 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 534 400 og kr 583 500, avhengig av kompetanse
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • kopi av vitnemål
  • 2–3 referansar (namn, relasjon til søkar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, klikk “Søk stillinga”.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

IT-verksemda ved Universitetet i Oslo og ved Det humanistiske fakultet er for tida under omorganisering. Stillinga vil kunne få ei anna organisatorisk tilknyting.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga: Senterleder Ellen Rees

For spørsmål om Det virtuelle Ibsensenteret: Datakurator Nina Marie Evensen

For spørsmål om søknadsprosessen: Personalrådgjevar Julie Bårdsen Tøllefsen

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS