LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Prodekan for forsking

Søknadsfrist: 19.09.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og phd-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig åremålsstilling som prodekan for forsking

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett søkjer prodekan for forsking i fireårig åremålsstilling, med tiltreding 01.01.2022.

Fakultetet har 3 prodekanar. Prodekan for forsking vil ha eit særleg ansvar for forskinga og internasjonaliseringsarbeidet ved fakultetet og skal ivareta den strategiske utviklinga og kvaliteten av forskings- og utviklingsarbeidet og skal gi støtte til institutta innanfor forskingsområdet og arbeidet med internasjonalisering.

Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnærprofesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) i tillegg til ph.d-programmetStudier av danning og didaktiske praksisar. Leierane av desse programma og programleiar for internasjonalisering inngår i eininga for forsking som blir leia av prodekan forforsking. Senterleiar fro Barnkunne rapporterer og til prodekan.

Forskingsadministrasjonen i fakultetet er også lagt til eininga.

Det er venta at prodekan samarbeider tett med institutta og med dei øvrige prodekanane i fakultetet.

Som ansvarleg for effektiv utnytting av eininga sine ressursar, skal prodekan sjå til at dette skjer i samsvar med høgskulens mål, departementet sine rammer, tildelt budsjett og styret sine strategiske føringar.

Prodekanen har òg ansvar for at forvaltingsoppgåvene vert ivaretekne med god kvalitet og at oppgåveløysinga er i samsvar med god forvaltingspraksis.

Den som vert tilsett må rekne med ein del reiseverksemd mellom campusane.

Arbeidsstad er campus Bergen, Sogndal eller Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Posisjonere fakultetet som ein attraktiv utdanningsinstitusjon kjend for kvalitet i forsking og god samanheng mellom forsking i fakultetet og utdanningsprogramma i fakultetet
  • Bidra til å styrke internasjonaliseringsarbeidet i fakultetet
  • Overordna ansvar for fagleg kvalitet i fakultetet sitt ph.d-program
  • Bidra til auka gjennomslag for fakultetets forsking
  • Bidra til auke i ekstern finansiering av forsking i fakultetet
  • Legge til rette for internasjonalisering, digitalisering og nyskaping i forskinga
  • Bidra til samarbeid mellom praksisfelta og fakultetet om forsking
  • Bidrea til etablering og vidareutvikling av relasjonar regionalt, nasjonalt og internasjonalt for eininga sine fagområder
  • Delta i nasjonale fora relevant for stillinga
  • Ansvar for at tenestene vert utførte i samsvar med gjeldande reglar og retningslinjer for god forvalting
  • Ansvarleg for at eininga sine økonomiske rammer vert haldne, og sikre god og formålstenleg bruk av eininga sine ressursar
  • Ivareta personal- og HMS-ansvar for eininga sine tilsette
  • Fungere for dekan i dekan sitt fråver (gjeld ein av prodekanane)
  • Prodekan kan få ansvars-/arbeidsoppgåver ut over det som står i utlysinga

Mynde

Mynde i stillinga er delegert frå dekan, og prodekan rapporterer til dekan. Prodekan inngår i fakultetet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av fakultetet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse

  • Relevant høgare utdanning og ph.d -grad, fortrinnsvis professorkompetanse med klar relevans for fakultetet sin faglege profil
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor forskingsleiing og søknad om eksterne forskingsmidlar
  • Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt

Generelle kompetansekrav

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • Forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
  • Erfaring frå, og solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonane og praksisfelta som fakultetet femnar om er ein føremon
  • Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • God forståing for moglegheitene i digitale løysingar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings- og utviklingsorientering
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som prodekan er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1474.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskjet ikkje vert teke til følgje.

Det kan bli endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Søk stilling

Powered by Labrador CMS