Stipendiat innan bevegelse, leik og utforsking i barnehagen - WP5
Søknadsfrist: 25.06.2023
Publisert
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 120 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er óg ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, friluftsliv og folkehelse.
I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksisar. Instituttet gir óg undervisning i fysisk fostring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærarutdanninga, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidreg og i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksisar.
Instituttet har studietilbod for utanlandske studentar på alle tre campus, samt etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei stilling som stipendiat innan bevegelse, leik og utforsking i barnehagen - WP5 ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga:
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen eller Sogndal, er det ledig ei åremålsstilling i 100% som stipendiat innan bevegelse, leik og utforsking i barnehagen.
Stipendiatstillinga er knytt til forskingsprosjektet Move-play-explore in early childhood education (MoveEarly). MoveEarly er eit stort forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling for å fremmje bevegelse, leik og utforsking i barnehagen. Målet er å utvikle ein pedagogisk praksis som sikrar eit rikt miljø for bevegelse, leik og utforsking i barnehagen, utvikle gode løysingar for kompetanseutvikling for tilsette og undersøke effekten av denne pedagogiske tilnærminga på barn sin fysiske aktivitet, utvikling, læring og trivsel. Prosjektet er leia av professor Eivind Aadland ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Campus Sogndal. Prosjektet gjennomførast i samarbeid mellom forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse og BARNkunne - Senter for barnehageforsking. Stipendiaten vil ha sin arbeidsstad/tilknyting i Sogndal eller Bergen.
Den utlyste stillinga vil inngå som ein del av ei «mixed methods» realist prosessevaluering av intervensjonen som gjennomførast i MoveEarly - arbeidspakke 5 (WP5). Evalueringa gjennomførast mellom anna ved bruk av observasjon, spørreskjema, dybdeintervju og fokusgruppeintervju. Stillinga vil særleg vere knytt til dei tilsette i barnehagen sine perspektiv.
Stillinga lysast ut over 4 år med 25% undervisningsplikt. Stipendiaten vil vere ein del av HVL sitt fagmiljø innafor forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse, BARNkunne - Senter for barnehageforsking, idrettsutdanninga og barnehagelærarutdanninga, det strategiske forskingsprogrammet Idrett, fysisk aktivitet og kosthald og Ph.d.-programmet Danning og didaktiske praksisar. Stipendiatprosjektet må vere tematisk relevant for fakultetet si forskingsverksemd og for ph.d.-programmet "Danning og didaktiske praksisar".
Fakultetet si forsking er organisert i tre forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 50 operative forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn du HER.
Ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" omfattar om lag 60 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptakskrav for programmet HER.
Samla stipendiatperiode er fire år. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved HVL, campus Bergen eller Sogndal i tilsettingsperioden. Stipendiatstillinga er rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.
Det vil bli gjort frådrag i tilsettingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.
Det er ønskeleg med tiltreding seinast 01.11.2023.
Ansvars- og arbeidsområde:
Stipendiaten skal inngå i et opplæringsprogram for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 4 år der 25% av tida vil utgjere pliktarbeid i form av blant anna undervisning og administrasjon. Pliktarbeidet skal utførast ved HVL. Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 4 år, der 25% av tida vil utgjere pliktarbeid i form av undervisning, utviklingsarbeid eller administrasjon.
Som stipendiat vil du:
Gjennomføre litteratursøk og setje deg inn i eige fagområde
Planlegge, koordinere og gjennomføre datainnsamling
Gjere kvalitetsvurdering og analysar av data
Presentere eiga forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert vitskaplege konferansar og tidsskrift
Bidra konstruktivt i forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse og BARNkunne - Senter for barnehageforsking
Ha undervising og rettleie studentar
Det vert forutsett at stipendiaten sitt prosjekt innrettast slik at stipendiaten kan bli teke opp på ph.d.-studiet.
Kvalifikasjonskrav:
Søkjarar må ha mastergrad/hovudfag eller tilsvarande innan idrettsvitskap, barnehagekunnskap, folkehelse eller tilsvarande og dokumentere gode studieresultat. Søkjarar med mastergrad frå andre fag som kan dokumentere god kjennskap til tematikken i utlysinga, t.d. gjennom fagleg vinkling på masteroppgåva, kan óg vurderast som kvalifiserte. Mastergrad må vere oppnådd ved søknadsfristen.
Søkjer må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande og kunne dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjende karakter:
Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betre
Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betre
Søkjarar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 st.p. pedagogisk utdanning eller 1 års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid.
Kandidaten må ha god kjennskap til kvantitativ metodikk og kunne kommunisere godt på norsk og engelsk.
Det er ein føresetnad at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet «Danning og didaktiske praksisar» ved HVL. Opptak krev normalt karakteren B eller betre på masteroppgåva. Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein HER. Søknad om opptak til dette ph.d.-programmet skal først sendast etter eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-programmet. Stipendiaten vert oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden.
Søkjarar må leggje ved ei mellombels prosjektskisse på 5 sider som presenterer og grunngjev tema med forankring i forskingslitteraturen på feltet, problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Denne vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskissa.
Den endelege prosjektskissa vil bli utarbeida i samarbeid med tildelt rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ein eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-prgrammet "Studier og danning av didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett.
Ønska kvalifikasjonar:
Har god kjennskap til idrettsvitskap, folkehelsearbeid, barnehageforsking og/eller evalueringsforsking
Har både kvalitativ og kvantitativ metodekunnskap
Har erfaring med gjennomføring av større forskingsprosjekt
Har erfaring frå arbeid i barnehage
Har tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga
Personlege eigenskapar:
Den som vert tilsett må ha
God evne til munnleg og skriftleg kommunikasjon
God evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
God samarbeidsevne
Evne til å ta initiativ og ansvar
Kommuniserer godt med barn og vaksne
Høg etisk medvet i forskingsarbeidet er påkravd.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;
masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
fullstendig publikasjonsliste
prosjektskildring
attestar og vitnemål.
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå NOKUT for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.
Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.
Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
1) Prosjektleiar og professor Eivind Aadland, Tlf.: 57 67 60 86 / 476 23 461, E-post: eivind.aadland@hvl.no