Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-programet Studiar av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som stipendiat innan forskingsprosjektet Singing Maps: developing online music communities to support Sámi adolescent cultural resilience, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Stillinga inngår i Institutt for kunstfag, campus Bergen
Om prosjektet:
Forskingsprosjektet Singing Maps er eit fireårig (2025-2029) forskingsprosjekt finansiert av Forskningsrådet, som har som mål å bygge kunnskap om og utvide deltakinga av samiske ungdommar i samiske musikalske tradisjonar. Singing Maps undersøker sentrale spørsmål rundt kulturell berekraft og urfolks resiliens, som tradisjon og fornying, eigarskap og ansvar, og kulturell identitet i samisk kontekst. I samarbeid med kulturberarar frå heile Norden og eit breitt internasjonalt nettverk av høgare utdanningsinstitusjonar, vil denne studien gi eit empirisk grunnlag for betre å forstå korleis urfolksmusikk har utvikla seg og effektivt kan delast med unge menneske. Desse perspektiva vil danne grunnlaget for utvikling og implementering av eit nettbasert musikklæringsfellesskap, det første i sitt slag, for bruk i vidaregåande opplæring i Noreg, Finland og Sverige. Slik vil dette prosjektet bidra til å engasjere samiske ungdommar i levande musikalske miljø, styrke kulturell resiliens og sikre ei berekraftig samisk stemme i det nordiske samfunnet.
Prosjektet har fire kjerneformål:
Bygge kunnskap om tradisjonelle læringspraksisar i samisk kultur i Noreg, Sverige og Finland.
Etablere etiske standardar for deling av tradisjonell musikk i ein internasjonal samanheng for urfolk.
Utvikle nettbaserte musikkopplæringsressursar i samarbeid med kulturarvsbærarar.
Evaluere effektiviteten av ei nettbasert plattform for å støtte samiske ungdommars kulturelle resiliens gjennom musikkundervisning.
Om stillinga:
Stipendiatstillinga vil vere knytt til Singing Maps-prosjektet med ei musikkpedagogisk forskingsinnretting, og vil særskilt koplast til forsking på samiske vokale tradisjonar og kandidaten si eiga kunstnarlege verksemd og identitet. Stipendiaten vil leie ein sjølvstendig forskingsstudie som brukar kunstnarleg utviklingsarbeid og autoetnografiske metodar med ei problemstilling som undersøker på kva måtar overgangsritualet frå lærling til kulturberar kan opplevast og forståast gjennom moderne kunstnarleg praksis og kunstnarleg utviklingsarbeid. Resultata frå studien vil kaste lys over emne som er relevante for dei sentrale kjerneføremåla i Singing Maps, som til dømes samtids- og historisk samisk vokalmusikkpraksis, generasjonsoverføring av vokale tradisjonar, samisk kulturell og kunstnarleg identitet, og tradisjon og fornying i samisk musikkutøving.
Ph.d.-prosjektet kan gjerne innrettast mot eitt eller fleire av følgjande forskingsspørsmål, eventuelt liknande problemstillingar:
a) Kva kjenneteiknar samisk læringspraksis i tradisjonell sang og joik i ulike generasjonar?
b) Korleis kjønnsroller vert definerte, utforma og utfordra innanfor samisk vokalmusikklæring og framføringspraksis?
c) Korleis overgangsritual frå elev til kulturberar i samiske vokaltradisjonar vert ramma inn og opplevd av unge menn og kvinner?
d) Kva aspekt ved desse læringspraksisane kan vere utfordrande i formell og virtuell musikkundervisning?
Prosjektgruppa i Singing Maps vil kunne gje stipendiaten eit rikt forskingsmiljø på fleire måtar. Kandidaten vil få eit stipendiatmiljø med andre som skriv doktor- eller mastergrad innan tangerande tema. Kandidaten vil møte mange forskarar med doktorgrad, både frå HVL og dei andre samarbeidsinstitusjonane, som kan støtte opp om doktorgradsarbeidet. Singing Maps har eit omfattande nettverk og samarbeider med samiske kulturinstitusjonar i Norden som kan støtte førestillingar og formidling av stipendiaten sine kunstnarlege produksjonar utvikla innanfor prosjektet. Dei internasjonale forskarane i Singing Maps kan gi kandidaten moglegheit for internasjonalt forskingssamarbeid og mobilitet over heile den nordiske regionen og andre land som Kina, Canada, Aotearoa New Zealand, og Australia. Stipendiaten vil få høve til å delta og presentere forskinga si på store internasjonale konferansar, både sjølv og saman med andre forskarar i Singing Maps.
Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-grad innan ei tidsramme på tre år. Føresetnaden er at stipendiaten vert teken opp på ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved HVL. Dette er eit forskarutdanningsprogram som har som mål å fremje vitskapleg arbeid og forsking innanfor utdannings- og opplæringssektoren, kultursektoren og andre sektorar som krev spesiell vitskapleg innsikt i samanhengar mellom danning, didaktisk og pedagogisk praksis.
Ansvars- og arbeidsområde:
I tillegg til å gjennomføre eige prosjekt skal stipendiaten gjennomføre den obligatoriske delen i doktorgradsprogrammet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved FLKI, delta i stipendiatforumet ved FLKI og bidra aktivt i forskargruppa Singing Maps.
Stipendiaten skal samarbeide med andre medlemmer av Singing Maps-teamet, inkludert seniorforskarar, tradisjonsbærarar og andre doktorgrads- og masterstudentar for å utvikle vitskaplege publikasjonar, seminar, konferansepresentasjonar, populærvitskaplege publikasjonar og pedagogisk/digitalt arkivmateriale.
Kvalifikasjonskrav:
Søkjar må ha mastergrad i musikkutøving, musikkpedagogikk eller anna relevant fagområde som til dømes etnomusikologi, musikkvitskap, undervisningsvitskap eller pedagogikk. Kandidaten skal leie ein etablert kunstnarleg praksis med tilknyting til samisk musikk. Det er ein fordel om søkjaren har stadfesta samisk kulturell kompetanse.
Følgjande kvalifikasjonar vert særskilt vektlagt:
Søkjar må leggje ved ei prosjektskisse på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema, problemstilling og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Denne prosjektskildringa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli utforma i samråd med rettleiar.
Vitskapleg kvalitet på prosjektskissa og tidlegare vitskapleg produksjon vil bli vektlagt i vurderinga av kandidatane.
Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ei eventuell tilsetting. Ein skal normalt søkje om opptak til ph.d.-utdanninga "Studier og danning av didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett innan tre (3) månader etter oppstart. Jf. Forskrift for graden ph.d. ved HVL § 2-4.
Søkjer må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande og kunne dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjende karakter:
Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betre
Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betre
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen. Samla stipendiatperiode er tre år.
Ønska kvalifikasjonar:
Det er ein fordel om søkjar har gode munnlege og skriftlege kunnskapar i norsk eller anna skandinavisk språk.
Søkjarar som ved tilsetting ikkje kan dokumentere ferdigheiter i norsk, svensk eller dansk på nivå A2 skal gjennomføre norskopplæring tilsvarande minst 15 studiepoeng innan utløpet av åremålsperioden.
Personlege eigenskapar:
Den som blir tilsett, må vere nytenkjande, ha god gjennomføringsevne og kunne arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;
masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
fullstendig publikasjonsliste
prosjektskildring
attestar og vitnemål.
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.
Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.
Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
1) Instituttleder for kunstfag, Oded Ben-Horin, oded.ben@hvl.no
2) Førsteamanuensis David Johnson, David.Johnson@hvl.no