LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Vitskapleg assistent / Stipendiat - MoveEarly

Søknadsfrist: 08.06.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 120 ansatte i Sogndal, Bergen og på Stord.


Fagområdene i instituttet omfatter idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarlig for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Instituttet har ansvar for flere utdanninger på bachelornivå innen idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanninger i idrettsvitenskap, lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksiser.

Instituttet gir også undervisning i fysisk forstring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærerutdanningen, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i de femårige grunnskolelærerutdanningene, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidrar også i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksiser.
Instituttet har studietilbud for utenlandske studenter på alle tre campus, samt etter- og videreutdanningstilbud.

Ansatte på instituttet er involvert i forskning og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltar i faglige nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og en viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til videreutdanning og kompetanseutvikling i skole, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei mellombels stilling som vitskapleg assistent i forskingsprosjektet Move-play-explore in early childhood education (MoveEarly) ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), campus Bergen, er det ledig ei åremålsstilling i eitt år som vitskapleg assistent i Move-play-explore in early childhood education-prosjektet (MoveEarly).

MoveEarly er eit stort forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling for å fremme bevegelse, leik og utforsking i barnehagen. Målet er å utvikle ein pedagogisk praksis som sikrar eit rikt miljø for bevegelse, leik og utforsking i barnehagen, utvikle gode løysingar for kompetanseutvikling for tilsette og undersøke effekten av denne pedagogiske tilnærminga på barns fysiske aktivitet, utvikling, læring og trivsel. Prosjektet er leia av professor Eivind Aadland ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Campus Sogndal. Prosjektet gjennomførast i samarbeid mellom forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse og BARNkunne - Senter for barnehageforsking. Den vitskaplege assistenten vil ha sin arbeidsstad/tilknyting i Bergen. Noko reising mellom campus Sogndal og Bergen må reknast med.

Det er ønskeleg med tiltreding 01.08.2023.

Ansvars- og arbeidsområde:

Som vitskapleg assistent vil du:

  • Planlegge, koordinere og gjennomføre datainnsamling
  • Plotte, bearbeide og kvalitetsvurdere data
  • Utvikle og drifte nettressursar
  • Kommunisere med barnehagar
  • Gjennomføre andre oppgåver ved behov

Kvalifikasjonskrav:

Kvalifikasjonar:

  • Mastergrad innan idrettsvitskap, barnehagekunnskap, helsefag, folkehelse eller tilsvarande
  • Førarkort klasse B
  • God IT-kompetanse
  • Flytande skriftleg og munnleg norsk

Følgjande tel positivt:

  • Har erfaring med gjennomføring av større forskingsprosjekt
  • Har erfaring med testing og datainnsamling knytt til fysisk aktivitet, fysisk form, motorikk, sjølv-regulering, akademisk læring, trivsel og/eller kreativitet hjå barn
  • Har erfaring med handtering av forskingsdata
  • Har erfaring frå arbeid i barnehage
  • Har erfarng med utvikling og/eller drifting av nettressursar

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner med vaksne og barn
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel og løysingsorientert
  • Høg etisk medvet er påkravd

Stillingskategorien vitenskapelig assistent er regulert av Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat, fastsatt av Kunnskapsdepartementet 31.1.2006 med heimel i Universitets- og høgskulelova. §1-4. I forskrifta står det mellom anna at "stillingen kan ikke besettes av personer som tidligere har vært ansatt i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarende kompetanse.» Det betyr at søkjarar med doktorgrad eller tilsvarande, eller søkjarar som har hatt ei stilling som ph.d.-stipendiat, ikkje vil bli vurdert som kvalifisert for stillinga.

Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;

  • oppdatert CV med oversikt over utdanning og arbeidserfaring
  • vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn, kontaktinformasjon og din relasjon til referansane). Referansane bør vere av nyare dato.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå NOKUT for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som vitskapleg assistent vert lønna i stillingskode 1019/1020 - Vitskapleg assistent.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Prosjektleiar, professor Eivind Aadland, Tlf.: 57 67 60 86 / 476 23 461, E-post: eivind.aadland@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS