LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Forskingsrådgjevar (rådgjevar / seniorrådgjevar)

Søknadsfrist: 04.01.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal utviklast vidare og støtte opp under den faglege profilen og universitetsambisjonen til HVL

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon har ledig vikariat i 100 % stilling som forskingsrådgjevar (rådgjevar/seniorrådgjevar).

Stillinga er eit vikariat ut 2023, med oppstart frå januar 2023.

Stillinga er lagt til Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon (AFII), i avdelingsleiar si linje. Avdelinga sitt ansvarsområde er rådgjeving, administrasjon og sakshandsaming knytt til HVL sine forskings-, internasjonaliserings- og innovasjonsaktivitetar, og vi skal legge til rette for at høgskulen lukkast i å nå målsettingane i høve til desse områda, følge opp HVL sine strategiar og støtte opp under universitetsambisjonen til HVL.

Forskingsadministrasjonen er ein del av AFII. Våre kompetanseområde omfattar ekstern finansiering av forsking og innovasjon, avtale- og kontraktsinngåing knytt til forsking og innovasjon, IPR og nyttiggjering av forskingsresultat, forskarutdanning, forskingsetikk og personvern i forsking og strategisk utviklingsarbeid knytt til forsking og innovasjon.

Vårt ansvar er heile HVL og vi jobbar på tvers av fakultet og campus.

Arbeidsstad for stillinga kan vere eitt av dei fem campusa ved HVL; Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal eller Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Ansvarsområde lagt til stillinga er administrasjon, rådgjeving og forvalting knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitetar med vekt på området utgreiing og analyse.

Arbeidsoppgåver lagt til stillinga inkluderer:

  • Rapportar, utgreiing- og analyseoppgåver knytt til ansvarsområdet
  • Førebuing av saker til styre, råd og utval
  • Interne prosjekt og utviklingsarbeid
  • Leiarstøtte og oppfølging av forskingsadministrative og forskingsstrategiske saker

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på masternivå
  • Kompetanse og erfaring relevant for ansvarsområdet
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren eller andre kunnskapsorganisasjonar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kunnskap om relevant lov- og avtaleverk
  • Kjennskap til forskings- og innovasjonspolitikk

Personlege eigenskapar:

  • Kunne arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar
  • Strukturert, systematisk og analytisk
  • Gjennomføringsevne, løysings- og utviklingsorientering
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Stor arbeidskapasitet og god serviceinnstilling
  • Omgjengeleg og med evne til å trivast i eit travelt miljø

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som forskingsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar - tittel. For sørskilt kvalifiserte søkjarar vil stillingskode 1364 - seniorrådgjevar vurderast.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

Søk stilling

Powered by Labrador CMS