Fagansvarleg for opplæring innan forskingsetikk og personvern
Søknadsfrist: 09.02.2025
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for utvikling av læring og undervising (ALU) har ansvar for høgskulens UH-pedagogiske arbeid. Ansvarsfeltet favner utdanningsfagleg kompetanse der fagdidaktikk og digitale arbeids- og læringsformer er viktige komponentar. ALU har ansvar for at høgskulen har eit solid tilbod til tilsette innanfor UH-pedagogikk, gjev støtte til digitale arbeids- og læringsformer og tilrettelegjer for sterke fagdidaktiske miljø i høgskulens utdanningstilbod. ALU deltar også aktivt i HVLs forsking på eigne utdanningar
Høgskulen på Vestlandet, Fellesadministrasjonen, avdeling for utvikling av læring og undervisning har ledig stilling som rådgivar
Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU) ved Høgskulen på Vestlandet har ledig rådgivarstilling som fagansvarleg for opplæring innan forskingsetikk og personvern. Stillinga er plassert under prorektor for utdanning og krev tett samarbeid med prorektor for forsking og med fakulteta.
Vi søker ein motivert og kompetent medarbeidar med høg kompetanse i opplæring innan forskingsetikk og personvernbruk. Stillinga vil gje den som vert tilsett høve til å arbeide med varierte oppgåver og å utvikle institusjonen. Arbeidsplass kan være på et av de fem campusane på HVL (Haugesund, Stord, Bergen, Førde, Sogndal). Ettersom HVL er ein fleircampusinstitusjon må noko reiseverksemd påreknast.
Stillinga skal bidra til å sikre at leiarar, vitskapleg og administrativ tilsette med ansvar innan forsking, undervisning og rettleiing har god forståing til og tek i vare krava i forskingsetikklova og personvernregelverket. Stillinga har ei sentral kulturbyggjande rolle på HVL innan forskingsetikk og personvern i forsking og i studentoppgåver. Særleg sterke kandidatar kan vurderast til seniorrådgivar.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Bidra til at alle tilsette som arbeider med og har ansvar innan forsking, undervisning og rettleiing har god forståing av forskingsetikk og personvernreglar, og er i stand til å implementere desse prinsippa i sitt arbeid
Ansvar for utvikling og gjennomføring av opplæringsprogram innan forskingsetikk og personvern for både leiarar, administrative og vitskaplege tilsette
Samarbeide med fakulteta og andre administrative avdelingar for å identifisere opplæringsbehov og utviklingsmoglegheiter for dei tilsette
Vere ein ekstra støtte for dei som har ansvar for opplæring på ph.d.-utdanningane
I samarbeid med HR sikre god leiaropplæring knytt til rolle og ansvar for forskingsetikk og personvern
Vere ei støtte i opplæring av forskingsetiske komitear ved fakulteta
Samarbeid kring opplæring og rådgjeving med IT, bibliotek og HVL sitt personvernombod
Delta i utgreiing-, analyse- og implementeringsarbeid knytt til ansvarsområdet
Halde seg oppdatert på nasjonale og internasjonale bestemmingar og retningslinjer innan forskingsetikk og personvern og delta i nasjonalt og internasjonalt arbeid på feltet der dette er relevant for HVL
Halde seg oppdatert på aktuelle system og pedagogiske verktøy som KI innanfor eiget ansvarsområde
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Relevant høgare utdanning
Erfaring innan arbeid med forskingsetikk og personvern, enten gjennom arbeidserfaring, utdanning og/eller forsking
Evne til å tilpasse og undervise komplekse tema på ein forståeleg måte til ulike målgrupper
God til å jobbe sjølvstendig og kunne planlegge utvikling og gjennomføring av opplæringsprogram for tilsette og leiarar
God kommunikasjonsevne og evne til å samarbeide godt med ulike interessentar internt og eksternt
Ønskede kvalifikasjonar:
Relevant utdanning på masternivå
God kunnskap om forskingsetikk og personvern i forsking og i studentoppgåver
Gode ferdigheiter i engelsk, skriftleg og munnleg
Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
Kjennskap til forskingsprosessar
Kompetanse om personvern og informasjonssikkerheit
Personlige egenskaper:
Høgt etisk medvit
Reflektert og analytisk
Initiativtakande
Nytenkande
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som rådgivar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgivar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Avdelingsleiar Karl Robert Isaksen, karl.robert.isaksen@hvl.no