LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Juridisk rådgjevar

Søknadsfrist: 10.11.2025

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utdanningskvalitet, har ledig 100% vikariat som juridisk rådgjevar

Avdeling for utdanningskvalitet har ledig vikariat som juridisk rådgjevar innan utdanningsområdet. Stillinga vil vere knytt til Faggruppe for utdanningskvalitet, studieportefølje og analyse som er under prorektor for utdanning sitt ansvarsområde. Faggruppa har mellom anna ansvar for utvikling av systemet for arbeid med kvalitet i utdanningane, arbeid med studieportefølje, akkreditering og periodisk evaluering av studieprogram, kvalitet i studie -og emneplanar, årsrapport, studiebarometeret, forvaltning av lov- og regelverk og "Sei i frå". Faggruppa er sekretariat for Utdanningsutvalet (UU), Skikkavurderingsnemnda og Nemnd for studentsaker. Vikariatet gjeld for perioden 01.12.2025 - 31.12.2026.

Arbeidsstaden er på ein av høgskulens fem campusar: Bergen, Sogndal, Førde, Stord eller Haugesund

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for sekretariatet for Nemnd for studentsaker ved HVL
  • Utvikle og styrke det juridiske perspektivet knytt til utdanningane og avdelinga
  • Delta og gje råd i sakshandsaming på fakultet og i studieadministrasjon
  • Delta i utvikling av arbeidsprosessar, forskrifter og retningslinjer og implementering av desse
  • Delta i kompetanseutvikling av sakshandsamarar

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Til stillinga vert det stilt krav om juridisk embetseksamen/ master i rettsvitskap.
  • Gode norsk- og engelskkunnskaper og god skriftleg og munnleg formidlingsevne 
  • God digital kompetanse

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå liknande arbeid i sektoren er ein fordel
  • Erfaring frå annan offentleg verksemd vil bli vektlagt
  • Evne til å presentere kompleks informasjon på ein klar og forståeleg måte

     

Personlige eigenskapar:

  • Sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • Serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

For særleg kvalifiserte søkjarar kan stillingskode seniorrådgjevar vurderast.

HVL/Ingvild F. Melien

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar. 

For særleg kvalifiserte søkjarar kan stillingskode 1364- seniorrådgjevar vurderast. 

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Søk stillingen

Spørsmål om stillinga

Solfrid Kjoberg (Avdelingsleiar), +4757676204, Solfrid.Kjoberg@hvl.no

Powered by Labrador CMS