LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar nasjonalt oppdrag

Søknadsfrist: 20.05.2025

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 120 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er óg ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksisar. Instituttet gir óg undervisning i fysisk fostring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærarutdanninga, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidreg og i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksisar. Instituttet har studietilbod for utanlandske studentar på alle tre campus, samt etter- og vidareutdanningstilbod. Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling i 100 % som rådgjevar nasjonalt oppdrag ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga

Stillinga inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen, og er ledig i tida 01.08.2025 – 31.07.2026.

Vi søker etter ein medarbeidar med kompetanse innan helsefremjande arbeid i barnehage, SFO og/eller skule generelt og fysisk aktivitet spesielt, og med gode evner til målgrupperetta digitalt formidlingsarbeid. Stillinga er knytt til instituttet sitt oppdrag og ansvar for Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Hovudmålet med dette arbeidet er å styrke barnehage, SFO og skule som helsefremjande og inkluderande arena gjennom å bidra til å gi auka kompetanse og inspirasjon for arbeidet med mat og måltid og fysisk aktivitet og for faga kroppsøving og mat og helse. Som ein del av det nasjonale oppdraget gjennomførast ulike kompetanseutviklingstiltak i barnehagar, SFO og skule, samt utvikling og formidling av digitalt rettleiings- og støttemateriell til målgruppene. Formidlinga er i hovudsak nettbasert og formidlast via fleire nettsider; mhfa.no, aktivitetskassen.no, aktiv i barnehagen, og svømmedyktig.no. Aktuelle målgrupper er tilsette i barnehagar, SFO og skule, samt lærarutdanningane, og skule- og barnehageeigarar. Vi arbeider òg tett med nasjonale myndigheiter og følgjer opp fleire satsingar frå Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet og samarbeider med Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet. Stillinga skal i hovudsak bidra i utvikling av digitalt støtte- og rettleiingsmateriell innafor senteret sine fagområder og å utvikle kurs- og kompetansetilbod til målgruppene. Noko reising må reknast med. 

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Utvikle digitalt støtte- og rettleiingsmateriell til barnehage, SFO og skule
  • Utvikle kurs- og kompetansetilbod for tilsette i barnehage og SFO innafor senteret sine fagområder 
  • Kommunisere, og bidra til tett dialog, med praksisfeltet 
  • Formidle praksisdømer frå SFO på senteret sine nettsider
  • Ha ei aktiv rolle i marknadsføringsarbeid og synleggjering av senteret sine nettressursar
  • Gjennomføre andre oppgåver ved behov

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Mastergrad innan idrettsvitskap, helsefremmande arbeid for barn og unge, fortrinnsvis innan fysisk aktivitet, barnehagekunnskap, helsefag, folkehelse eller tilsvarande
  • Erfaring frå digitalt utviklings- og formidlingsarbeid med relevans for fagområda i stillinga 
  • God IT-kompetanse
  • God skriftleg framstillingsevne

Ønska kvalifikasjonar: 

  • Har erfaring frå arbeid i/med barnehage, SFO og/eller skule
  • Har erfaring med kommunikasjonsarbeid og nettformidling 
  • Har erfaring med å utvikle målgrupperetta nettressursar
  • Har erfaring med informasjons- og kommunikasjonsteknologi 

Personlege eigenskapar:

Vi ser etter deg som:

  • har engasjement og evne til å skape eit positivt arbeidsmiljø
  • kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne 
  • har disiplin, er detaljeorientert, nøyaktig, strukturert og kvalitetsorientert
  • har evne til å gjennomføre aktivitetar og ta initiativ ved behov
  • er kreativ og løysingsorientert
  • er fleksibel og har omstillingsevne
  • har tydeleg og konstruktiv kommunikasjonsstil
  • er resultat- og prosessorientert og kan trivast med høgt arbeidstempo i periodar

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar Ingrid Leversen, Tlf: +4755 58 75 33, E-post: Ingrid.Leversen@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS