LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Trainee - campus Sogndal

Søknadsfrist: 15.03.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 2 000 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for utdanningskvalitet har ansvar for det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningene og skal være bidragsyter for et godt læringsmiljø for alle våre studenter. Avdelingen skal støtte opp under og rådgi fakultetene i deres arbeid med utdanningskvalitet. Vidare skal avdelingen bidra med rådgivning og strategisk utviklingsarbeid for rektoratet knyttet til utdanning, læringsmiljø og studiekvalitet.


Avdeling for studieadministrasjon er ein
del av høgskulen sin fellesadministrasjon og høyrer til under prorektor for utdanning. Avdelinga har ansvar for eksamen, studentopptak og fyrstelinjeteneste, og eit medansvar for studentrekruttering.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utdanningskvalitet og Avdeling for studieadministrasjon, er det ledig ei 100% stilling som trainee i tida august 2023 - august 2024.

Om stillinga:

Trainee-stillinga er knytt til både Avdeling for utdanningskvalitet og Avdeling for studieadministrasjon som er ein del av høgskulen sin fellesadministrasjon og høyrer til under prorektor for utdanning. Stillinga er knytt til campus Sogndal.

Vi søkjer etter ein trainee til eit tverrfagleg samarbeid mellom Avdeling for utdanningskvalitet og Avdeling for studieadministrasjon der traineen skal setje større fokus på arbeidet med å få auke studentengasjementet på HVL. Det er viktig å sikre god studentmedverknad for vårt kvalitetsarbeid på høgskulen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Aktuelle arbeidsoppgåver kan vere utviklingsarbeid knytt til studentengasjement, rekruttering av tillitsvalde, studiestart og fadder, studentassistentordninga og gjennomstrøyming og fråfall. Andre arbeidsoppgåver kan komme i tillegg.

Kvalifikasjonskrav:

Relevant høgare utdanning på masternivå.

Det er ein fordel med erfaring frå offentleg forvaltning og utviklingsarbeid, erfaring frå arbeid i studentorganisasjonar eller erfaring frå arbeid i høgare utdanning.

Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk, god skriftleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar - du:

- er interessert i å arbeide tverrfagleg

- likar å formidle den faglege interessa di til andre

- har lyst til å vere med å utforme arbeidsoppgåvene i stillinga

- vil identifisere og løfte fram nye problemstillingar og prosjekt

- kan arbeide systematisk og strukturert mot fristar

- vil arbeide i eit fagmiljø som legg vekt på at alt er mogleg, og som er veldig spent på kva akkurat du og dine interesser kan bidra med

Felles krav for alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

- Minimum bachelor- eller mastergrad.

- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studium

- Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Vi tilbyr:

HVL er ein inkluderande arbeidsplass med kjekke kollega i eit utviklande miljø der du får vere med å bidra.

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre trainee i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som få kjenner til
  • Fire trainee-samlingar og ein utlandstur

Du vil jobbe hjå oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som trainee er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - førstekonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Rådgjevar Iris Wehn, tlf.: 57 67 62 32, e-post: iris.wehn@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS