LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Seniorkonsulent - arealforvaltning

Søknadsfrist: 11.06.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for arealforvaltning, drift og utvikling har forvaltningansvar for høgskulen sine areal, ansvar for timeplantenesta og for høgskulen sine drifts- og servicetenester.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig ei stilling som seniorkonsulent ved Avdeling for arealforvaltning, drift og utvikling ved campus Sogndal

Om stillinga:

Stillinga som seniorkonsulent er plassert i Avdeling for arealforvaltning, drift og utvikling (ADU) si eining for arealforvaltning. Eininga har forvaltningansvar for høgskulen sine areal og ansvar for fakulteta sine timeplanar. Den som blir tilsett i stillinga skal i hovudsak arbeide med fakulteta sine timeplaner og arealforvaltningsoppgåver knytt til arbeidsplassar, arrangement og leigeforhold på campus Sogndal. Stillinga skal også bidra i aktivitetar og oppgåver ved ADU som går på tvers av studiestader.

Arbeidsstaden er campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for fakulteta sine timeplanar på campus Sogndal
  • Arealforvaltningsoppgåver knytt til arbeidsplassar, arrangement og leigeforhold på campus
  • Arbeid knytt til eininga sin felles innmeldingsportal
  • Arbeid med timeplanar og arealforvaltningsoppgåver på tvers av HVL sine campus
  • Arbeid med rutineoppgåver og dagleg drift i eininga

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning på bachelornivå
  • God ikt-kunnskap
  • Relevant administrativ erfaring er ein fordel
  • Relevant erfaring med dei it-systema som blir nytta i UH-sektoren er ein fordel
  • Realkompetanse med særleg god relevans for arbeidsområdet kan kompensere for kravet om fullført bachelorgrad

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Tillitsfull og med evne til å byggja gode relasjonar
  • Ansvarleg og med evne til å ta initiativ

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Einingsleiar Karl Henrik Svensson, Karl.Henrik.Svensson@hvl.no / +47 55 58 79 17

Søk stilling

Powered by Labrador CMS