HØGSKULEN I VOLDA HAR EN LEDIG SPENNENDE STILLING!

Førstelektor / høgskulelektor / høgskulelærar i journalistikk – st. nr. 54/21

Søknadsfrist: 10.01.2022

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for Mediefag, Institutt for journalistikk er det ledig stilling som førstelektor/høgskulelektor/høgskulelærar i journalistikk frå nyttår 2021. Den som blir tilsett vil få varierte arbeidsoppgåver innafor undervisning, rettleiing og forskings- og utviklingsarbeid i journalistikk. Tilsetting i stillinga er tenkt til våren 2021.

Fotograf Marius Beck Dahle

Kvalifikasjonar

Søkjaren må dokumentere relevant kompetanse og ha erfaring frå journalistisk arbeid.

Søkjaren må ha:

-høgare utdanning i journalistikk, mediefag eller andre relevante fag

-solid journalistisk erfaring og kjennskap til publisering på ulike publiseringsplattformer

-gode språkkunnskapar og formidlingsevne

-gode samarbeidsevner

Høgskulen vil vurdere mellombels tilsetjing som høgskulelærar for søkjar med relevant bakgrunn og utan tilstrekkeleg formell kompetanse.

Ved vurdering av søkjarane vert det lagt vekt på:

-god erfaring frå undersøkande journalistikk

-god erfaring med redaksjonell bruk av sosiale medier

-kompetanse innan research og kjeldearbeid, på klassiske journalistiske metodar og med hjelp av digitale reiskap

Vi ser etter deg som eit eller fleire av punkta under passar for:

-er interessert i å jobbe tett med studentar og kollegaer i rettleiing og undervisning

-er sjølvstendig og utviklingsorientert og likar å jobbe i team

-trivs med tidvis høgt tempo

-har erfaring med redaksjonell leiing

Søkjaren må ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, eventuelt anna skandinavisk språk. Undervisings- og administrasjonsspråket på høgskulen er norsk. Undervisningsspråket på Master in Media Practices er engelsk.

Søkaren må dokumentere utdanning, relevant arbeidserfaring, og eventuelt FoU-arbeid.

Den som vert tilsett må ha dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.

Søkjar som ikkje oppfyller desse krava forpliktar seg til å gjennomføre nødvendige program/kurs for pedagogisk basiskompetanse eller høgskulepedagogikk innan to år.

Arbeidsfelt

Høgskulen har Norges største praktisk retta medieutdanning med meir enn 500 studentar og ca. 50 tilsette. Journalistutdanninga har rundt 170 studentar. Vi ynskjer ein tydeleg og fagleg stødig rettleiar med fersk erfaring frå nyheits- og aktualitetssjangeren som kan undervise både i praktiske og teoretiske tema.

Vi tilbyr

Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar. Arbeidsplass er Høgskulen i Volda.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: Førstelektor 1198 frå kr 615 800 – 702 100/ høgskulelektor 1008 frå kr 491 200 – 637 90/ høgskulelærar 1007 frå kr 468 300 – 563 900.

Generell informasjon

Ved Høgskulen i Volda er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på vårt arbeid. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.

Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

- vitnemål og attestar, samla i ei fil

- CV

- fullstendig publikasjonslise over alle vitskapelege arbeid

- inntil 10 vitskapelege arbeid, inkludert master-/hovudfagsoppgåve

Dei faglege kvalifikasjonane til søkjarane kan verte vurdert av eit sakkunnig utval. Viser til Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, KD 9.2.2006.

Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar for Journalistikk, Hans Martin Dypvik hamd@hivolda.no / 91102154 eller til
  • Dekan Kate Kartveit kate.kartveit@hivolda.no 70075304 / 92044167

Om avdelinga

Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har landets største praktisk retta medieutdanning. Avdelinga tilbyr utdanningar i journalistikk, animasjon, mediedesign, medieproduksjon og PR og kommunikasjon og media i tillegg til vidareutdanning i digital kompetanse. Avdelinga har ei engelskspråkleg masterutdanning i Media Practices. Avdelinga har meir enn 500 studentar og 50 tilsette.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS