LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Stipendiatstilling innanfor «Danning og sosial ulikskap»

Søknadsfrist: 28.02.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ei midlertidig stilling som stipendiat innanfor temaet «Danning og sosial ulikskap». Stillinga er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfa.

Stillinga er knytt til prosjektet PIONEERED - “Pioneering policies and practices tackling educational inequalities in Europe”, finansiert med EU-midlar innanfor rammeprogrammet for forsking og innovasjon «Horisont 2020». I PIONEERED deltar forskarar frå 13 universitet/høgskular i ni europeiske land (Sveits, Tyskland, Spania, Luxembourg, Finland, Ungarn, Litauen, Irland og Noreg). Det overordna målet med PIONEERED-prosjektet er å utvikle ny kunnskap og bidra til innovasjon for å redusere sosial ulikskap innanfor utdanningsfeltet. Dette vil ein oppnå ved bruk av ein tverrfagleg, komparativ og blanda metodestrategi, inkludert ei heilskapleg tilnærming til danning (uformelle og formelle danningsprosessar, livsløpsperspektiv) og eit tverrsektorielt perspektiv på sosial ulikskap.

PIONEERED er basert på ulike arbeidspakker (work packages WPs) som fokuserer på konseptuell-metodologisk utvikling, empirisk forsking og forskingsformidling. Dei tre empiriske arbeidspakkene til prosjektet er: policy analyse, kvantitativ dataanalyse og praksisforsking. Stipendiaten vert først og fremst plassert innanfor praksisforsking.

Vi ønsker at søkjarar utformar og legg ved ei prosjektskisse til ei artikkelbasert avhandling på inntil 5 sider, som presenterer tema, forskingsspørsmål, val av teori og metode samt framdriftsplan. Den som vert tilsett, vil seinare utforme ei 10-siders prosjektskildring i samråd med rettleiarane/prosjektleiar. Stipendiaten må bli tatt opp ved doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter tilsetting. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av høgskulen innan 3 månadar etter at du har tatt til i stillinga.

Samla stipendiatperiode er tre år. Arbeidsstaden er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsområde:

Den som vert tilsett, skal primært forske innanfor WP5 i PIONEERED som vert leia av HVL.

WP5 vil

  • Kartleggje eksisterande praksis som tar sikte på å takle sosial ulikskap i utdanning i kvart einskilt land lokalt, regionalt og nasjonalt frå et livsløpsperspektiv.
  • Identifisere banebrytande praksisar for å utjamne sosial ulikskap i utdanning og tolke den komparativt i et kulturelt og institusjonelt perspektiv.
  • Få djupare innsikt i utvalde praksisar som gir deltaking i utdanning i kvart einskilt land.
  • Generere ny kunnskap om praksisar for utjamning av sosial ulikskap i utdanning frå eit overnasjonalt perspektiv.

Den som vert tilsett, vil gjennomføre kvalitative casestudiar for å betre forståinga av dei dynamiske stiane frå det å reflektere over sosial ulikskap til det å skape ei danning og ein sosialt utjamnande praksis i ein skulekontekst. I sentrum av oppgåvene står praksisforsking der aktuelle profesjonar (for eksempel lærar, sosialarbeidar) er sett som ekspertar. Det omfattar mangesidige etnografiar (f. eks. feltnotat, samtaler, observasjonar, kvalitative intervju, fokusgruppeintervju og småskala kvantitative data).

Innanfor WP5 skal stipendiaten forske på eit eller fleire av følgjande område frå skulefeltet (grunnskoler-, ungdomskoler eller vidaregåande skuler):

  • Danningspraksis som er retta mot å takle sosial ulikskap i utdanning i Noreg.
  • Danningspraksis som er retta mot å takle sosial ulikskap i utdanning i Noreg og Tyskland.
  • Ulikskap og samspelet mellom uformelle og formelle danningssmiljø i Noreg.
  • Ulikskap og samspelet mellom uformelle og formelle danningssmiljø i Noreg og Tyskland.

Prosjektet til stipendiaten innrettast sånn at ho eller han kan bli tatt opp på ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktiske praksisar». Nærare informasjon om doktorgradsprogrammet finst på (https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/).

Forskinga vil /bli publisert i fagfellevurderte vitskapelege tidsskrift, og det er forventa at stipendiaten deltar i det tverrfaglige forskningsclusteret «Kritisk og praksisorientert danningsforsking» ved FLKI som arrangerer f. eks. konferansar, kursrekkjer og sommarskule. Det er òg ønskeleg at stipendiaten er med på å gjennomfører oppgåver knytt til andre WPs i PIONEERED.

Kvalifikasjonskrav:

  • Mastergrad i pedagogikk, utdanningssosiologi eller utdanningsvitskap med høg relevans for det utlyste fagområdet.
  • Karakter A eller B på masteroppgåva og eit gjennomsnitt på B (eller betre) for studiedelen.
  • Kvalitet i masteroppgåva og ev. andre vitskapleg produksjon vert vektlagd. Mastergradsoppgåva må være levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergraden må være godkjent seinast fire ukar etter søknadsfristen.
  • Ei ph.d.-prosjektskildring på inntil 5 sider som vert brukt til vurderinga av kvalifikasjon til kandidaten.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og har interesse for tverrfaglege problemstillingar.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Flytande skriftleg og munnleg engelsk og norsk (eller eit anna skandinavisk språk).

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgaven/hovedfagsoppgaven og inntil 5 vitskaplege arbeid de ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektbeskrivelse, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Bedømmelsen skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskapelege arbeid. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju og prøveforelesning. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at i henhald til ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren verte gjort offentleg, sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjara vil verte varsla om slik anmodning ikkje vert tatt til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Høgskulen på Vestlandet er ein IA bedrift.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Professor Solvejg Jobst, telefon: +47 55 58 55 29

2) Instituttleiar Jan Helge Kallestad +47 55 58 59 43

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS