LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Stipendiat i bevegelse, leik og utforsking i barnehagen

Søknadsfrist: 31.05.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.

Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i bachelorutdanningar innan idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og folkehelse, barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdnningane. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei stilling som stipendiat i bevegelse, leik og utforsking i barnehagen ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), campus Sogndal eller Bergen, er det ledig ei 4-årig åremålsstilling som stipendiat i bevegelse, leik og utforsking i barnehagen.

Stipendiatstillinga er knytt til forskingsprosjektet Move-play-explore in early childhood education (MoveEarly). MoveEarly er eit stort forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling for å fremme bevegelse, leik og utforsking i barnehagen. Målet er å utvikle ein pedagogisk praksis som sikrar eit rikt miljø for bevegelse, leik og utforsking i barnehagen, utvikle gode løysingar for kompetanseutvikling for tilsette og undersøke effekten av denne pedagogiske tilnærminga på barns fysiske aktivitet, utvikling, læring og trivsel. Prosjektet er leia av professor Eivind Aadland ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Sogndal. Prosjektet gjennomførast i samarbeid mellom forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse og BARNkunne - Senter for barnehageforsking. Stipendiaten vil ha sin arbeidsstad/tilknyting i Sogndal eller Bergen.

Den utlyste stillinga er knytt til pedagogisk grunnlagstenking rundt bevegelse, leik og utforsking i barnehagen, korleis barn si utvikling som eit resultat av ei slik pedagogisk tilnærminga kan målast og utvikling av nye målemetodar for å undersøke barn sin bevegelseskompetanse og heilskaplege utvikling. Arbeidet vil primært ha ei kvantitativ tilnærming knytt til undersøking av måleeigenskapar for måleinstrument.

Stillinga lysast ut over 4 år med 25% undervisningsplikt. Stipendiaten vil vere ein del av HVL sitt fagmiljø innafor forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse, BARNkunne - Senter for barnehageforsking, idrettsutdanninga og barnehagelærarutdanninga, det strategiske forskingsprogrammet Idrett, fysisk aktivitet og kosthald, og FLKI sitt Ph.d.-program "Studier av danning og didaktiske praksisar".

Stipendiatprosjektet må vere tematisk relevant for fakultetet si forskningsverksemd og for ph.d.-programmet "Danning og didaktiske praksisar".

Fakultetet si forsking er organisert i tre forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 50 operative forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn du HER.

Ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" omfattar om lag 60 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptaktskrav for programmet HER.

Stipendiatstillingar er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Det er ønskeleg med tiltreding så snart som mogeleg og seinast 01.01.2023.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Gjennomføre litteratursøk og setje seg inn i eige fagområde
  • Planlegge, koordinere og gjennomføre datainnsamling
  • Gjere kvalitetsvurdering og analysar av data
  • Presentere eiga forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert vitskaplege konferansar og tidsskrift
  • Bidra kontstruktivt i forskarkruppa Fysisk aktivitet og folkehelse og BARNkunne - Senter for barnehageforsking
  • Undervising og rettleiing av studentar

Kvalifikasjonskrav:

Søkjarar må ha mastergrad/hovudfag med karakteren B eller betre innan idrettsvitskap, barnehagekunnskap, folkehelse eller tilsvarande masterutdanning med høg relevans for dei forholda som er skildra ovanfor. Søkjarar med mastergrad frå andre fag som kan dokumentere god kjennskap til tematikken i utlysinga, t.d. gjennom fagleg vinkling på masteroppgåva, kan óg vurderast som kvalifiserte. Mastergrad må vere oppnådd ved søknadsfristen. Søkjar må ha god kjennskap til kvantitativ metodikk og kunne kommunisere særs godt på norsk og godt på engelsk.

Søkjarar må leggje ved ei mellombels prosjektskisse på 5 sider som presenterer og grunngjev tema med forankring i forskingslitteraturen på feltet, problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Denne vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskissa.

Den endelege prosjektskissa vil bli utarbeida i samarbeid med tildelt rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ein eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-prgrammet "Studier og danning av didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett.

Det er ein føresetnad at stipendiaten oppfyller krava for opptak til Ph.d.-studiet:

  • Søkjer må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande og kunne dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjende karakter:
    • Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betre
    • Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betre

Søkjarar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 st.p. pedagogisk utdanning eller 1 års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Har god kunnskap om barn si utvikling knytt til bevegelseskompetanse/motorikk
  • Har god kunnskap om barnehagepedagogikk, leik og utforsking
  • Har god kunnskap om fysisk aktivitet og folkehelse
  • Har erfaring med testing og datainnsamling knytt til barn si utvikling, spesielt innan bevegelseskompetanse/motorikk
  • Har erfaring med gjennomføring av større forskingsprosjekt
  • Har erfaring frå arbeid i barnehage
  • Har tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga

Personlege eigenskapar:

  • God evne til munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • God evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
  • God samarbeidsevne
  • Evne til å ta initiativ og ansvar
  • Kommuniserer godt med barn og vaksne

Høg etisk medvet i forskingsarbeidet er påkravd.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;

  • masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
  • inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
  • fullstendig publikasjonsliste
  • prosjektskildring
  • attestar og vitnemål.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå NOKUT for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Prosjektleiar og professor Eivind Aadland, tlf.: 57 67 60 86, e-post: eivind.aadland@hvl.no

2) Instituttleiar Frode Fretland, tlf.: 57 67 63 78, e-post: frode.fretland@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS