LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

PhD-stilling i geologi og geofare

Søknadsfrist: 02.10.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 3260 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.


Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning på Stord.


Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.


Institutt for miljø- og naturvitskap har om lag 300 studentar og 40 tilsette frå 11 nasjonar. Instituttet tilbyr bachelorutdanningar i fornybar energi, geologi og geofare, og landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, masterprogram i Climate Change Management, og semesterprogramma From Mountain to Fjord og Geohazards and Climate Change. Forskinga femner om tema som; energisystem og produksjonsteknologiar, energiøkonomi, berekraftig utvikling, klimaendringar, bre-dynamikk og hydrologi, skred og flaum, berggrunns- og strukturgeologi, økologi, forvaltning og skjøtsel av kulturlandskap, og arealbruk og landskapsøkologi.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som stipediat i geologi og geofare ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, campus Sogndal

Stillinga er ei mellombels stilling i fire år der kandidaten skal gjennomføre PhD-utdanning på problemstillingar knytt til kartlegging av istykkelse og subtopografi av mindre isbrear i Norge.

Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 4 år.25% av tida vil utgjere pliktarbeid i form av undervisning, utviklingsarbeid eller administrasjon. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett vert teken opp på eit godkjent PhD-program i Norge og har arbeidsplass ved Institutt for miljø og naturvitskap ved Campus Sogndal. Det er ønskeleg med tilsetting innan 1. februar 2024.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillinga er knytt til prosjektet «HELis (Helikopterbåren isradarmåling)». Prosjektet har som mål å skape ny kunnskap om samspelet mellom klimaendringar og følgjekonsekvensar for samfunnet. Prosjektet vil bruke data om subtopografi, istykkelse, og volum frå eit utval av mindre brear i Sør- og Nord-Norge. Feltarbeidet vil bestå av målingar ved help av is- og georadar. Resultata vil gje oss ny kunnskap om avrenning- og dreneringsretningar til brear i Sør- og Nord-Norge, avdekke moglege naturfarar ved tilbakesmelting av breane, og kartlegge det subglasiale landskapet for å kunne modellere framtidig scenario for norske brear, samt kartlegge framtidig smeltevassdrenering når breane smeltar.

Søkarar må ha kompetanse og forskingsinteresse i geofysikk, glasiologi, kvartærgeologi, geofarar, og/eller tilsvarande kompetanse frå tilgrensande utdanningar. Kandidaten vil bli del av forskingsgruppa «Bre» ved institutt for miljø og naturvitskap. Forskingsgruppa arbeider med bredynamikk, landskap ved og rundt bresystema, og snø- og glasiale landskap. Kandidaten vil vere tett knytt til pågåande forskingsprosjekt ved instituttet. Forskingsgruppa har solid kompetanse på feltmålingar og modellering av bresystem med et særleg fokus på kav konsekvensar klimaendringar har på natur og samfunn. Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet.

Kandidaten skal søkje opptak på PhD-programmet ved Det matematiske-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Bergen.

Kvalifikasjonskrav:

Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant mastergrad i geofysikk, geovitenskap, naturgeografi, eller anna relevant utdanning. Masteroppgåva må vere levert til vurdering innan søknadsfristen og godkjent seinast fire veker etter søknadsfristen. Karakter på masteroppgåva må vere minimum C.
  • Søkarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk.
  • Ha god IKT-kompetanse.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med gjennomføring av geofysiske målingar
  • Erfaring med analyse og tolking av radar/seismiske geofysiske data
  • Gode ferdigheitar i GIS
  • Gode akademiske skriveferdigheitar
  • Erfaring fra bruk av fjernmålingsdata
  • Erfaring med bruk av relevant programvare ved geofysiske målinger som t.d. ReflexW

Personlige eigenskapar:

  • Ha gode samarbeids- og formidlingsevne
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig og ta eigne initiativ
  • Evne til å arbeide systematisk og levere innan fastsette fristar
  • Evne til nytenking og delta aktivt i idéutviklinga i fagmiljøet

Kandidaten må kunne arbeide systematisk og sjølstendig over tid, med jamnleg oppfølging frå rettleiarar. Resultata frå propsjektet skal publiserast i internasjonale peer review tidsskrift og formidlast på internasjonale konferansar og workshops. Det er også ei forventing om at kandidaten formidlar resultata populærvitskapleg og deltek i samfunnsdebatten knutt til effektar av klimaendringar på natur og samfunn.

Kandidaten må søkje opptak til PhD-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Bergen. Rettleiar vil saman med kandidaten utarbeide ein plan for forskarutdanninga som skal grunnlag for å søkje opptak til PhD-utdanninga ved UiB. Utforming og vinkling av prosjektet vil vere avhengig av kandidaten sin kompetanse og forskingsinteresse. Endeleg plan for opptak til PhD-programmet skal vere godkjent og avtalefesta seinast tre månader etter tilsetting i stillinga. Meir informasjon om PhD-utdanninga ved UiB finn du her

Informasjon om tilsetting i stipendiatstilling ved HVL kan du her: Tilsetting i stipendiatstilling - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgåva/hovedfagsoppgåva og inntil 5 vitskaplege arbeid som de ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektskildring, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. 

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på grunnlag av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskapelege arbeid. På grunnlag av utvalet si innstilling, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju. Tilsetjinga skjer i tilsetjingsutvalet ved gjeldande fakultet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017 stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV. 

Tilsetting skjer under føresetnad av at du får innvilga arbeids- og opphaldsløyve (må vurderast individuelt).

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til bruk i handsaming av søknadane.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Tarald Seldal +47 57 67 62 40 e-post tarald.seldal@hvl.no 

2) Førsteamanuensis Torgeir Opeland Røthe tlf +47 95 15 13 10 e-post torgeir.opeland.rothe@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS