LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

2 stipendiatstillingar - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Søknadsfrist: 22.10.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

2 stipendiatstillingar knytt til utvikling av nye modellar for praksis i grunnskulelærarutdanningane

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 2 stipendiatstillingar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Stord, er det 2 mellombels stillingar som stipendiat knytt til utvikling av nye modellar for praksis i grunnskulelærarutdanningane. Stipendiatprosjekta må vere tematisk relevante for fakultetet sitt ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar".

Ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" omfattar om lag 60 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptakskrav for programmet her.

Samla stipendiatperiode er tre år, men kan om ønskeleg forlengast til fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning og administrasjon. Om stipendet blir forlenga til fire år, vil undervisning bli fordelt over alle åra. Pliktarbeidet skal utførast ved Høgskulen på Vestlandet. Det er vidare ein føresetna at den som vert tilsett, har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord i tilsetjingsperioden. Det vil bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode. Stipendiatstillingar er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Dei to stipendiatstillingane er knytt til forskingsprosjektet Rehearsing Teaching Professionally (ReTPro)—Building Purposeful Teaching Repertoires to Meet the New Curriculum for Primary and Secondary Education’s Ambitions for Democratic Citizenship. Prosjektet er finansiert av Norges Forskingsråd.

Overordna målsettingar for ReTPro er formulert slik :

1. Utvikle ny kunnskap om korleis ein kan bygge arenaer for refleksive øvingar på campus, der studentar og pedagogar i grunnskulelærarutdanningane i fellesskap utviklar undervisningsrepertoar og slik bygge bru mellom praksis og teori i lærarutdanninga.

2. Forske på korleis ein kan gjennomføre, øve og reflektere over undervisningsrepertoar i lærarutdanninga i matematikk og engelsk som stimulerer elevar og studentar til involvering i demokratiske medborgarskap.

Innafor rammene av desse målsettingane vil følgjande tematiske innrettingar vere spesielt aktuelle for stillingane:

  • Lærarutdanningsdidaktikk med spesiell vekt på utvikling av nye modellar for ei praksisbasert opplæring som også involverer bruk av nye medium.
  • Allmenndidaktiske eller fagdidaktiske problemstillingar knytt til mangfald og inkludering og demokratisk medborgarskap i skule og lærarutdanning
  • Allmenndidaktiske eller fagdidaktiske problemstillingar knytt til klasseromsdialogiske og/eller dramapedagogiske problemstillingar i skule og lærarutdanning

Den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved campus Bergen i tilsettingsperioden. Stipendiatstillingar er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Kvalifikasjonskrav:

Stipendiaten må ha mastergrad/hovudfag i fagområdet med relevans for opptak til ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar og for prosjektet RetPro, t.d. master/hovudfag i matematikkdidaktikk, engelskdidaktikk, norskdidaktikk, pedagogisk drama eller pedagogikk.

Søkjarar må legge ved ei førebels prosjektskildring på inntil seks sider, som presenterer tema, oversyn over aktuell forskingslitteratur med relevans for temaet, problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Denne blir brukt til vurdering av kvalifikasjonen til kandidaten, og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Søkjarar kan få noko rettleiing på skissa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli utforma i samråd med tildelt rettleiar.

Stipendiaten må bli tatt opp ved doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Normalt tar programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergraden. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter tilsetting. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av høgskulen innan 3 månadar etter at du har tatt til i stillinga.

Stipendiaten bør meistre både kvantitative og kvalitative forskingsstrategiar.

Personlige eigenskapar:

Den som blir tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. For førsteamanuensis kan utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1017.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Professor Vigdis Vangsnes, e.post: vigdis.vangsnes@hvl.no, mobil: 95038590

2) Professor Knut Steinar Engelsen, e-post: kse@hvl.no, mobil: 97188380

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS