Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Journalist

Søknadsfrist: 31.10.2025

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 26 500 studentar og 7 200 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Uniforum er ei dagleg oppdatert nettavis som blir utgitt av Universitetet i Oslo. Avisa vert redigert etter Redaktørplakaten og Ver Varsam-plakaten og er medlem av Fagpressa. Uniforum skal fremja sakleg og fri informasjons- og opinionsformidling om faglege og forvaltingsmessige spørsmål på tvers av institutt/fakultetsgrenser og administrative nivå.

Uniforum ved UiO søkjer journalist i eit engasjerande arbeidsmiljø.

Vikariat som journalist i Uniforum 

Det er ledig eit vikariat i 100 prosent stilling som journalist/rådgjevar i stillingskode 1434 ved Uniforum, Universitetet i Oslo frå og med 01.01.2026 til og med 30.06.2026. 

Uniforum er Universitetet i Oslos uavhengige avis og blir redigert etter Redaktørplakaten og prinsippa i Ver varsam-plakaten. Uniforum er ei nettavis som publiserer saker dagleg, sjå http://www.uniforum.uio.no/. Den som blir tilsett, vil vera under redaksjonell og administrativ leiing av ansvarleg redaktør Martin Toft. Språket i Uniforum er både bokmål og nynorsk.

Dine arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere 

Den som blir tilsett som journalist/rådgjevar SKO 1434 og skal skriva nyhende- og featureartiklar for nettavisa Uniforum.

Kva kompetanse er viktig i dette vikariatet? 

 Nødvendige kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelornivå. 
  • Realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan 
  • Gode kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg både på nynorsk og bokmål. 
  • Journalistfagleg røynsle. 
  • Ha kjennskap til UiO.

Du bør ha

  • kunnskap om universitets- og studentdemokratiet og universitets- og høgskulesektoren.

Det er ein stor fordel 

  • om du også kan ta eigne bilete. 

Personen som me er på jakt etter

Du må ha må ha evna til å arbeida sjølvstendig, ha kjennskap til digitale publiseringsløysingar, vera god til å finna gode nyhendesaker gjennom offentlege kanalar, ha eit godt nettverk på og utanfor UiO og ha fleksibilitet nok til å ta eit ekstra tak når det er nødvendig. Det er også viktig at du kan samarbeide med andre og ha gode evner til å bygge relasjonar.

Vi kan tilby deg 

  • Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag, som bidreg til kunnskapsutvikling, utdanning og opplysing som fremjar ei berekraftig, rettferdig og kunnskapsbasert samfunnsutvikling.
  • Engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. 
  • Lønn som rådgiver, stillingskode 1434 i lønnsspenn frå kr. 690 000 til kr. 750 000 avhengig av kompetanse og erfaring. Frå lønna vert det trekt 2 prosent i lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.
  • Moglegheit for inntil 1,5 time i veka med trening i arbeidstida.
  • Ein arbeidsplass med gode utviklings- og karrieremoglegheiter.
  • Som arbeidsgjevar vil Uniforum ved UiO ha en fleksibel arbeidstidsordning. 
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse, som er ein av Noregs beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald ved UiO

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ein balansert kjønnsfordeling og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Vidare ynskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Vi håpar du søker på stillinga hos oss.

Søknad

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev.
  • CV.
  • Vitnemål og attestar.
  • Kontaktinformasjon til 2-3 referansar.

Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt rekrutteringssystem Jobbnorge, klikk “Søk stillinga”.

Når du søker på stillinga, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskriftene dine. All dokumentasjon må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk.

Generell informasjon

Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju.

Søkerlister kan bli offentleggjort iht. Offentleglova § 25 andre ledd. Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på den offentlege søkarlista. Det er mogleg å be om å bli unntatt denne lista. Du må grunngje kvifor du ønskjer unntak frå offentleggjering, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, vil du høyre frå oss.

Søknadsfrist: 31.10.2025

Tilsetting: 01.01.2026

Referanse: 2025/112432

Nettside: Uniforum - Uniforum

Søk stillinga

Spørsmål om stillinga

  • Martin Toft (Ansvarleg redaktør), +47 41 51 40 38, martin.toft@admin.uio.no
  • Grethe Tidemann (Journalist/Uniforum), +47 92 09 37 88, grethe.tidemann@admin.uio.no
Powered by Labrador CMS