LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET
Rådgjevar - HR-rekruttering (campus Haugesund)
Søknadsfrist: 07.08.2022

Høgskolen på Vestlandet, Avdeling for HR, har ledig ei fast stilling som rådgjevar innan HR-rekruttering
Stillinga er knytt til Avdeling for HR. Det er denne eininga som tek hand om HR-rekrutteringsarbeidet for heile høgskulen. Blant arbeidsoppgåvene for stillingane er å bidra under utarbeiding av kravspesifikasjonar for stillingar, utarbeiding av utlysingstekstar, oppfølging av søkjarar, administrasjon av, og deltaking under intervju, sakshandsaming, kvalitetssikring og utarbeiding av tilbod om stilling.
Det vil også liggje andre personaladministrative oppgåver til stillingane, som å følgja opp ulike førespurnadar frå leiarar, tilsette, søkjarar og tillitsvalte på arbeidsfeltet. Det er om lag 17 årsverk knytt til HR-rekrutteringsarbeidet ved høgskulen, slik at den som vert tilsett kjem inn i eit etablert fagmiljø med høg kompetanse og eit utstrekt og nært samarbeid om utføringa av arbeidsoppgåvene.
Arbeidsstaden er ved campus Haugesund.
Det kan og bli aktuelt å tilsette fleire i mellombels stilling som seniorkonsulent med dei same arbeidsoppgåvene. Dette kan vere ved andre campus enn Haugesund, altså også Sogndal, Førde, Stord og Bergen.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Ansvars- og arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere:
- Personaladministrative oppgåver med særleg vekt på handsaming av tilsettingssaker, herunder deltaking i intervju
- Generell sakshandsaming, utreiingsoppgåver, opplæring og anna
- Leiarstøtte innan HR og bidra til kvalitetssikring i det daglege arbeidet
- Vidareutvikling av rutiner med fokus på effektive arbeidsprosessa
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, helst masternivå
- Administrativ erfaring og kompetanse innan HR, og gjerne erfaring med rekruttering
- Solid kjennskap til bruk av administrative datasystem og generelt god IKT-kompetanse
- Gode skriftlege og munnlege språkkunnskapar innan norsk og engelsk
Det er og ønskjeleg med:
- Relevant erfaring frå sakshandsaming i offentleg sektor, gjerne UH-sektoren
- Erfaring med rekruttering er ein føremon
Personlege eigenskapar:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig og i team
- Stor arbeidskapasitet og god serviceinnstilling
- Fleksibilitet og fagleg engasjement
- Systematisk og oppteken av kvalitet
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode1434 - Rådgjevar
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskjet ikkje vert teke til følgje.
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Nestleder HR Anne Marit Morken telefon 55 58 79 30,e-post: [email protected]
2) Fagansvarlig HR-rekruttering Lisbeth Thomsen, 55 58 71 26e-post: [email protected]