LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET
Rådgjevar - Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon
Søknadsfrist: 14.08.2022

Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon har ledig ei 100% prosjektstilling
Høgskulen på Vestlandet (HVL), Avdeling for Forsking, internasjonalisering og innovasjon (AFII), har ledig prosjektstillingar i 100% innan administrasjon av internasjonalt samarbeid og mobilitet med Europa og med særskilte samarbeidsland utanfor Europa.
Stillinga er toårig prosjektstilling med oppstart hausten 2022. Dei er ein del av fellesadministrasjonen og rapporterer til nestleiar i avdelinga.
Arbeidsstad for stillingane kan vere eitt av fem campus ved HVL; Førde, Sogndal, Bergen, Stord eller Haugesund.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Høgskulen på Vestlandet har mål om å auke deltakinga i Erasmus+ både i høve til student- og tilsettmobilitet og i høve til samarbeidsprosjekt. Prosjektstillinga vil hovudsakeleg ha arbeidsoppgåver knytt til denne målsettinga. I tillegg vil stillinga bidra inn i arbeidet med auka mobilitet og samarbeid med utvalde land utanfor Europa.
Arbeidsoppgåver som inngår vil mellom anna vere:
- Oppfølging av konkrete utviklingsprosjekt, som t.d. eit pilotprosjekt for aktiv avmelding av studentutveksling og forbetring av høgskulen sin innmeldingsportal for eksternfinansierte prosjekt
- Forbetring av interne prosessar gjennom digitalisering
- Sakshandsaming, utgreiing og analyse
- Andre administrative oppgåver knytt til ansvarsområdet
Kvalifikasjonskrav:
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis masternivå
- Administrativ erfaring og kompetanse relevant for ansvarsområdet
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
- Erfaring frå digitaliseringsarbeid
Ønska kvalifikasjonar:
- Erfaring frå prosjektarbeid og/eller prosjektleiing
- God kjennskap til digitale verktøy
- Kjennskap til UH-sektoren
Personlege eigenskapar:
- Søkar må vere utviklingsorientert, initiativrik og trivast i eit travelt miljø
- Stillinga krev evne til sjølvstendig og strukturert arbeid, gode samarbeidsevner og fleksibelinnstilling
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
- Nestleiar Elin Kvaale, tlf 55 58 55 52 / 412 01 796 e-post [email protected]